Fylkesleiar: – Dette er eit læraropprør

90 000 lærarar går ut i streik, stikk i strid med leiinga i Utdanningsforbundet si vilje. – Dette er eit opprør, og viser at arbeidsgjevar ikkje har tillit blant lærarane, seier fylkesleiar John Torsvik.

Klasserom

KAN BLI TOMT TIL HAUSTEN: Onsdag blei det klart at Rothaugen Skole i Bergen er første skule som blir råka av Utdanningsforbundet sin streik. men til skulestart kan mange klasserom landet over bli ståande tomme. – Eg kjenner ikkje detaljane no, men det er klart at deet vil bli ei massiv opptrapping, seier fylkesleiar John Torsvik.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Onsdag blei det klart at 90 000 lærarar i Utdanningsforbundet går til streik. Årsaka er den omstridde arbeidstidsavtalen mellom KS og lærarane.

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Hordaland, John Torsvik, kallar streiken eit læraropprør.

John Torsvik i Utdanningsforbundet

FØRST UT I STREIK: Fylkesleiar John Torsvik i Utdanningsforbundet i Hordaland seier det er naturleg at Bergen er først ut i streik. – Bergen er jo KS sin største medlemskommune, så det er ikkje så rart at det er her ein har starta.

Foto: Bo Mathisen

– Det er positivt at medlemmene våre no seier klart ifrå om kva dei meiner om avtalen. Slik har jo organisasjonen fått eit veldig tydeleg mandat frå medlemmene sine om å streike, og det er positivt.

Nederlag for leiinga

Leiinga i Utdanningsforbundet har tidlegare råda sine medlemmer til å stemme for arbeidstidsavtalen.

Den går i korte trekk ut på at alle lærarar må vere 7,5 timar på skulen, noko mange har protestert kraftig mot.

– Er dette eit nederlag for leiinga i Utdanningsforbundet?

– Det er tydeleg at dei har feilvurdert medlemmene sine i denne saka. Dette er generelt eit opprør, og viser manglande tillit til arbeidsgjevar og KS.

Handlar om tillit

Onsdag blei det òg klart at Norsk Lektorlag går til streik på grunn av arbeidstidsavtalen.

Ifølgje Torsvik er avtalen òg hovudårsaka til det han kallar eit opprør blant Utdanningsforbundets medlemmer.

– Streikegrunnlaget her er arbeidstidsavtalen, ikkje resten av resultatet frå meklinga. Den blir oppfatta som at arbeidsgjevar manglar tillit til lærarane.

Kan bli omfattande

Så langt er det 36 lærarar ved Rothaugen Skole i Bergen som er tatt ut i streik. Dei vil streike frå 1. juli.

Ved skulestart blir det truleg langt fleire.

– Utan at eg kjenner detaljane så blir det ei markant opptrapping. Motviljen mot denne avtalen har vore sterk, og engasjementet og streikeviljen er stor, seier Torsvik.

Laster Twitter-innhold