Hopp til innhold

Her får Eirik svaret Voi vil at alle på elsparkesykkel skal få

Eit fåtal køyrde med for høg promille, men mange fekk med seg kloke ord då elsparkesykkelaktørane stilte seg opp med alkometer på Bryggen i Bergen.

Eirik Sivertsen blåste til null

FEKK BLÅSE: Eirik Sivertsen var ein av mange, både edru og rusa, som frivillig lét seg teste av Christina Moe Gjerde i Voi og dei andre elsykkelaktørane i Bergen. – Det er veldig bra og viktig at dei følgjer med, tykkjer han.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Kanskje bergensarane er meir ansvarlege? Vi hadde fleire utslag i Oslo, men då stod vi rett utanfor Torggata og barområdet, seier Noregssjef i Voi, Christina Moe Gjerde.

Noregssjef i Voi, Christina Moe Gjerde

SJEKKA: – Ingen er tent med, eller ynskjer ulukker. Ansvaret har vi alle, seier Christina Moe Gjerde i Voi.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Det var langt mellom dei store utslaga på utandingsprøvane blant elsparksyklistane som tok til sentrum og Zachariasbryggen i vestlandshovudstaden fredag kveld. Dei fleste som blåste raudt, sette pent frå seg framkomstmiddelet, og tok seg vidare på anna vis.

Men ikkje alle var klar over kva reglar som gjeld for bruk av elsparkesykkel

Under ein tilsvarande frivillig kontroll i Oslo for to veker sidan, blåste over halvparten – av dei som lét seg teste – til over 0,4 i promille. Den høgste målte promillen var 1,7.

– Ulovleg å køyre i rusa tilstand

– Det er ei utfordring med at folk køyrer med promille. Sjølv om det ikkje er ei promillegrense på elsparkesyklar, så er det ulovleg å køyre i rusa tilstand, seier Gjerde.

Det vart verken førarkortbeslag eller bøter på dei som hadde promille. Berre informasjon om reglane som gjeld for elsparkesyklar – og ei bøn om å la sparkesykkelen stå resten av kvelden.

– Vi som operatørar har ansvar for å lære opp kundane og brukarane, men vi ser også behov for ei promillegrense. Det håpar vi kjem, seier Gjerde.

Det har vore mange ulukke med elsparkesyklar. Berre i Oslo var det 421 skader etter bruk av elsparkesykkel i juni. Det er meir enn dobbelt så mange som same månad i fjor. Fleire av dei involverte har vore ruspåverka.

I Bergen opplyser Bymiljøetaten om kring 100 skadar i månaden.

Eirik Sivertsen let seg teste for promille på Bryggen i Bergen.

EDRU: Eirik Sivertsen blåste til null, og meiner elsparkesykkelbruken bør regulerast. – Det er nulltoleranse for promille i trafikken, og det handlar om sunn fornuft. Ein treng ikkje ha full fyr heile tida, seier han.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Ei undersøking gjort for alkovettorganisasjonen Av-og-til viser at ni av ti meiner det er behov for ei promillegrense. Det synet deler Eirik Sivertsen.

– Det skal litt til for å køyre desse i edru tilstand, så eg forstår godt at det kan bli farleg å køyre i rusa tilstand, seier 23-åringen.

For det er lett å ty til elsparkesykkelen når ein «berre skal» til eller frå eit fuktig lag.

– Eg trur rus kan vere årsaka til at mange skader seg, seier Sivertsen.

– Lettare med ei klar grense

Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) har tidlegare uttala at det blir jobba med ei promillegrense. I dag kan politiet berre krevje utandingsprøver når ein køyrer «motorvogn». Elsparkesyklar er klassifisert som vanleg sykkel.

Ein reflektert ung mann, med vinflaske i handa og alkohol i blodet, parkerer sparkesykkelen eksemplarisk på Bryggen, men får litt «hetta» av å bli møtt av vestkledde Gjerde.

Han trur ei promillegrense hadde gjort at han i staden tok beina fatt.

– Er det ei klar grense og bot, så held ein seg lettare frå å ta sparkesykkelen, seier han.

– Kvifor tok du sparkesykkelen, sjølv om du hadde drukke?

– Det vart litt spontant. Når du drikker, så misser du evna til å tenkje over om det er lurt eller ikkje. Uansett, så er det mitt eige ansvar.

Ein annan ung kar får utslag. Han blir overraska over at «High» indikerer over ein i promille.

– Eg burde nok ikkje køyrt, men ein tenkjer jo at det går fint. Det er det sikkert mange som gjer, seier han og tviler på at målaren er 100 prosent rett.

– Eg føler eg har kontroll, men eg trur faktisk at eg tek taxi heim, legg han til før han tek turen vidare til puben.

– Kan vere farleg

Eirik Stormoen (23) tykte det var bra at aktørane sjekkar om elsparkesyklistane er skikka.

– Ein høyrer mykje om ulukker og folk som må på legevakta, så eg meiner det bør vere ei grense.

– Det kan vere farleg om ein har drukke og køyrer rundt på sparkesyklane, seier to unge jenter på veg til familiemiddag til.

Unge jenter som let seg teste for promille i Bergen.

UTRYGGE: Stina Lunde (i midten) og veninnene meiner elsparkesyklane bør regulerast for å gjere det tryggare for både førar og andre. – Det er lite reglar, og litt ekkelt når folk kjem fort på, seier ho.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Bransjen har drøfta fleire forslag for å få slutt på at elsparkesyklistar skadar i fylla. I Bergen har Ryde førebels ikkje fått aktørane med på nattestengde elsparkesyklar.

– Vi ynskjer ikkje å ta tilbodet frå dei som er skikka til å bruke det. Nattestenging er siste steg, seier Morten Askeland, dagleg leiar i Tier.

Voi ser på teknologiske løysingar.

– I Oslo tek vi ned farten på alle sparkesyklar på nattetid, og vi innfører også ein obligatorisk reaksjonstest som alle kundar må bestå for å starte Voien på nattetid, seier Gjerde.