Hopp til innhold

– Det treng ikkje å vera ei lang utflukt der alle vert slitne, trøytte og leie

Familiemedlemskap er for tida det mest populære medlemskapet i Den Norske Turistforeningen. Trygge rammer gjer at fleire vågar seg ut i naturen.

Mollie Hatlestad Hove (9), Andreas Sund Hestenes (11) og Sverre Stubhaug (7) køyrer hundespann.
Sandra Hatlestad Hove står i bakgrunnen.

KJEKT MED FRILUFTSLIV: Mollie Hatlestad Hove (9) køyrer hundespann saman med Andreas Sund Hestenes (11) og Sverre Stubhaug (7). Dei synest alle det er bra at barn får vera med på tur.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

– Det er lukke å vera ute. Å vera ute med barna og familien gjer at me kjem nærare kvarandre og fyller dagane med noko meiningsfullt, fortel Sandra Hatlestad Hove, arrangør av telthelg med barn.

Familiebedrifta Fjeldfolk har arrangert Telthelg for barnefamiliar. Det gjorde dei fordi dei har fått fleire spørsmål om det å ta med seg barn på telttur. I tillegg har dei eit eige ønske om at fleire skal få oppleva gleda med å driva med friluftsliv.

– Det er kjempebra at det er ei aukande interesse for å ha med seg barn på tur, synest Hatlestad Hove

Sjølv om det er ei auka interesse for å ha med seg barn på tur er det ikkje sjølvsagd at dei vaksne vågar å gjennomføra turar med barn.

– Eg trur folk er redd for å frysa, spesielt om vinteren. Det forstår eg veldig godt, for eg likar heller ikkje å frysa. Det er grufullt. Eg trur òg at folk ikkje har nok kunnskap eller erfaring om korleis dei skal kle seg og er redde for at turen skal verta ubehageleg.

Sandra Hatlestad Hove saman med ein av hundane sine

BRENNANDE ENGASJEMENT: Sandra Hatlestad Hove er ein av arrangørane av telthelg for barnefamiliar. Ho ønsker at alle skal få oppleva gleda naturen og friluftsliv saman med familien gjev.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

Hatlestad Hove sitt tips til dei som er litt usikre på om dei vågar å legga ut på langtur er å ta kontakt med nokon med erfaring. Det kan vera lurt å spørja om korleis ein skal kle seg og kva utstyr som er lurt å pakka.

Fleire spørsmål

Den Norske Turistforening merkar òg ei auka interesse for friluftsliv med barn.

– Me får mange spørsmål frå foreldre som vil ha med barna sine på tur og har nå oppretta Barnas Turlag i over 220 kommunar, fortel Mette Øinæs Habberstad, kommunikasjonssjef i Den Norske Turistforening.

Mette Øinæs Habberstad, kommunikasjonssjef DNT

MERKAR AUKA INTERESSE: Mette Øinæs Habberstad, kommunikasjonssjef i DNT merkar at barnefamiliar leiter etter meiningsfulle aktivitetar utan skjerm. Friluftsliv er eit godt alternativ.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / DNT

Ho trur at utstyr kan vera ein barriere for mange som vil ut. Det er dumt å måtta kjøpa mykje utstyr til ein tur utan å vita om det kjem til å verta brukt igjen. Hennar tips er å låna av kjenningar eller å nytta seg av utlånstilbod som finst rundt om i kommunane.

Det kan òg vera at fleire er usikre på om dei meistrar viktige ting som å setta opp telt eller få fyr på primusen. Då kan det vera lurt å tørrtrena i hagen først, eller dei kan delta på lågterskeltilbod som ferskingkurs arrangert av DNT eller telthelg med barn hjå Fjeldfolk.

Likar seg i friluft

Ørjan Stubhaug var ein av dei som deltok på telthelga. Han har hatt med seg ungane på tur fleire gonger før, og synest det er kjekt å delta på slike arrangement fordi det er så lettvint. I helga trengde han berre å pakka med seg utstyr og mat og møta opp.

Ørjan Stubhaug og Sverre Stubhaug (7) synest det er kjekt med friluftsliv.

ERFARNE TELTSOVARAR: Ørjan Stubhag og Sverre Stubhaug (7) kan ikkje hugse kor mange gonger dei har sove i telt eller under open himmel.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

– Det å sova i telt er nok, ungane gleder seg kvar gong.

Han trur folk vegrar seg for å reisa ut fordi dei føler dei ikkje nok friluftskompetanse. Mange trur nok òg at det er meir tungvint med tur enn det er.

– Det treng ikkje å vera ei lang utflukt der alle vert slitne, trøytte og leie. Ein tur på stranda eller opp til ein støl der ein berre kan vera er heilt topp, fortel Ørjan Stubhaug med stor iver.

Både han og Hatlestad Hove oppfordrar andre til å hoppa i det, anten det er å delta på eit lågterskeltilbod eller å sova ute på terrassen eller i hagen. Så kan dei flytta seg lenger og lenger vekk frå husveggen etter kvart.