Vidar Sandal.
Trenar Vidar Sandal er ein roleg mann utanfor treningsfeltet, men på trening er han ei sint kruttønne. Slurvar du i pasningsspelet eller kjem for seint til økta blir det sagt i frå. Og akkurat no er det temperamentet, engasjementet og trua som pregar Skavøypoll.
Fokus på basisdugleik
For i følgje Sandal tenkjer ikkje Skavøypoll på kvar dei skal hamne på tabellen. Og for han er det likegyldig kven dei spelar mot, dei går uansett på bana for å vinne. Målet er først og fremst å utvikle kvar enkelt fotballspelar. Difor terpar Sandal mykje basisdugleik på trening. Mottak, pasning og finter. Og med ein førsteellevar som held ein gjennomsnittsalder på 19 år er dette rette vegen å gå, meiner han.
Erik Sandal.
-Det blir ei utfordring
For ungt talent er det nok av. Børge Yndestad (17) og Rune Solvang (17) har spelt kampar for Norge sitt U-16-lag. Sandal framhevar også Erik Sandal (19) og Børre Stenslid (19) som nøkkelspelarar i årets sesong. Erik Sandal er offensiv framfor sitt første møte med 3. divisjon i Sogn og Fjordane. – Det blir heilt klart ei utfordring, men vi skal ta det på strak arm og gjere det beste ut av det, seier Sandal.
-Svinge voldsomt i prestasjonane
Men i følgje vårt ekspertpanel er ikkje ungt talent og sterkt engasjement nok til å vinne mange nok fotballkampar i år. Geir Navarsete, Stig Nord og Stig Roger Eide er knallharde i sin dom og tippar laget nest-sist.
Geir Navarsete.
– Entusiasmen vil skaffe laget ein del poeng, men kvalitetsmessig er ikkje stallen stor og god nok, seier Geir Navarsete. – Dei er veldig avhengig av førsteellevaren sin. Blir dei utsett for skader, eller nokon må stå over grunna gule kort, så vil prestasjonane svinge voldsomt, trur Stig Nord. Stig Roger Eide trur fleire av dei lovande spelarane til kystlaget éin gong vil spele høgare oppe i divisjonssystemet, men laget blir truleg for lette i år, seier han.
Ikkje sikkert dei rykker ned
Men sjølv om Skavøypoll hamnar nestsist er det ikkje sikkert laget rykker ned. I år vil det ikkje kome lag frå fylket ned frå 2. divisjon. Og tapar årets vinnar kvalifiseringa til 2. divisjon vil berre eitt lag rykke ned frå tredje.
Bra å vere medlem
Skavøypoll har trent inne i Nordfjordhallen i heile vinter.
Men, uansett. Det er bra å vere medlem av Skavøypoll for tida. For første gong er dei i 3. divisjon, ungt talent skapar optimisme og gjennom heile vinteren har dei hatt fine treningstilhøve inne i Nordfjordhallen. Og sist, men ikkje minst; til heimekampen mot Førde 10. mai skal den nye krøllgrasbana vere klar. Då står det berre att å gjere vårt tips til skamme. Vi trur det blir vanskeleg.