Hopp til innhold

Forskarar om storfylke: Ineffektivt, dyrt og belastande

Krevjande, ineffektivt, dyrt og ei stor belastning for folk. Det er konklusjonen når forskarar har sett på det nye storfylket Trøndelag.

Steinkjer sentrum fra lufta

KREVJANDE: Dette er Steinkjer, fylkessenter i det nye Trøndelag fylke.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

No er dei redd for at det same skal skje andre stader i landet der det er planlagt samanslåing av fylke.

– Politikarar må i alle fall vere klar over at dei ikkje vil sjå noko effektiviseringsvinst den første tida, tvert om kan nye einingar bli mindre effektive, seier Bent Aslak Brandtzæg ved Telemarksforsking.

Saman med forskarkollegaer har han følgt Trøndelag fylke og sett på arbeidskvardagen til administrasjonen i det nye storfylket. Trøndelag har delt fylkesadministrasjon mellom Steinkjer og Trondheim.

– Det vi har sett er at kvardagen i det nye fylket har vore krevjande, særleg i den startfasen som ein framleis er i, seier Brandtzæg.

Trøndelag har vore eitt fylke sidan 1.1.2018.

Når landet no skal få mange nye fylke og kommunar som er større enn i dag, vil mange av dei ha administrasjonen spreidd utover. Til dømes skal det nye Vestland fylke ha viktige funksjonar både i dagens Hordaland og Sogn og Fjordane.

Dette har vore viktig for å få gjennomslag for både kommunereforma og regionreforma, men no syner det seg at ikkje er heilt uproblematisk.

– Det kom vel ikkje som noko bombe for oss, men vi merkar at det fører til ein slitasje på folk, det gjer vi, seier Odd Inge Mjøen, fylkesrådmann i det nye Trøndelag fylke, til Kommunal Rapport.

Odd Inge Mjøen

SLITASJE: Fylkesrådmann Odd Inge Mjøen seier at den nye kvardagen i Trøndelag fylke har vore krevjande.

Foto: Randi Wilsgård/NRK

I Trøndelag er Steinkjer fylkessenter, medan mykje av administrasjonen ligg i Trondheim. Fylkesrådmannen fortel at leiarar og sjefar må køyre mellom dei to stadane fleire gonger i veka.

– Og då blir det lange dagar. Det er klart at det er ei belastning for folk, seier fylkesrådmannen.

Brandtzæg ved Telemarksforsking meiner at det er den desentraliserte strukturen som Trøndelag har valt, som gjer at tilsette no opplever situasjonen som krevjande.

Trygve Slagsvold Vedum

DET VAR DETTE VI SA: Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet meiner at store kommunar ikkje er bra.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Senterpartiet: – Det var dette vi sa

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum meiner at funna i rapporten stadfestar deira haldning om at fylkessamanslåing og kommunesamanslåing fører med seg ulemper.

– Rapporten frå Telemarksforsking syner jo tydeleg at dei som har forventa innsparingar ved kommune- og fylkessamanslåingar har vore naive. Tvert om ser vi at ein får stordriftsulemper når einingane blir for store, seier Vedum.

Han tykkjer der er særleg talande at den frivillige samanslåinga Trøndelag får desse resultata.

– Då kan vi berre frykte korleis det vil sjå ut når regjeringa slår saman store kommunar og fylke med tvang.

Men stortingsrepresentant for KrF Tore Storehaug meiner at eit stort fylke med ein desentralisert struktur kan vere ein fordel.

– Erfaringar syner at det er mogleg å løyse dette på ein god måte. Ny teknologi gjer at folk kan samarbeide trass i geografiske avstandar, og det er mogleg å byggje opp ein god kultur for samarbeid også i store fylke, trur Storehaug.