Hopp til innhold

– Det neste bør bli UNESCO-status

LÆRDAL (NRK) Kongevegen over Filefjell har fått den høgste prisen den kan få i Europa. No må det neste steget bli verdsarvstatus.

Kongevegen over Filefjell

VINDHELLA: «Kongevegen over Filefjell» har fått internasjonal storpris.

Foto: Sverre Hjørnevik

Det meiner ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.

– Kongevegen fortener UNESCO-status. Det er det neste vi bør få på plass, seier han.

I dag vart det kjent at Kongevegen over Filefjell får ein av EU-kommisjonen sine «Europa Nostra» prisar.

Det gamle vegminnet frå 1790-åra fekk tildelt EU-kommisjonen sin kulturminnepris i kategorien «bevaring».

Tidlegare har prisen gått til kjende kulturminne som Stonehenge i England, romerske teater i Italia, kjente katedralar og greske palass.

Kongevegen over Filefjell har fått EU sin kulturminnepris - Europa Nostra pris.
  

GLAD: Sjå innslaget frå Vestlandsrevyen.

Skåla i saft

Dei skåla difor i lokalprodusert bringebærsaft i Lærdal i dag, etter at nyhendet vart sleppt under eit pressemøte i Brussel klokka 12.00 CET.

– I internasjonal samanheng er vel dette det høgaste vi kan nå, i alle fall i Europa. Då vil eg kalle det kulturprisens Oscar, seier ordførar Jan Geir Solheim.

I 2009 starta Statens vegvesen saman med samarbeidspartnarar eit prosjekt for å reetablere vegstrekninga mellom Lærdalsøyri og Valdres som ein kulturhistorisk vandreveg.

Same året løyvde Statens vegvesen 15 millionar til arbeidet.

Vegen vart restaurert og forfallet vart stogga. I 2015 fekk kongevegen «Vakre vegars pris». Og i august i fjor vart den opna av vegdirektør Terje Gustavsen.

– Jobben byrjar no

Men arbeidet med å ta vare på dei historiske vegstrekningane i Lærdal har vart i over 40 år.

Ein av dei som har vore med lenge er lokalhistorikar Kåre Hovland. Det er no, etter restaurering og høgthengjande internasjonal pris, at jobben byrjar, meiner lokalhistorikaren.

– Vi er veldig kry av denne vegen i kommunen. Men dette forpliktar. Prisen må følgast opp, seier Hovland.