– Vi kjenner oss eigentleg trygge. Det var røykfylt på terrassen då vi vakna i dag tidleg, og det lukta ganske svidd, men elles har vi ikkje merka noko til uroa, seier Nygjerde.
Familien frå Førde er på ferie i ein turistby heilt sør i landet, og dei fortel at ikkje verkar som det er veldig mykje urolegheiter der no.
– Nett no er det ingenting unormalt her, så vi er vel litt skjerma her.
Etterkvart har situasjonen roa seg i heile tyrkia, og no trur førdianarane at røyken dei såg i dag tidleg berre var ein bonde som brente halm.
– Hotellpersonalet var litt spente då dei kjente røyklukta, men no har vi nett vore ute og handla, og det ser ut til at alt er på det normale att, seier Nygjerde.
Forsøk på statskupp
Men andre stadar i landet har det gått heftig for seg i natt. Rundt klokka ti i går kveld sperra det tyrkiske militæret fleire viktige bruer i landets største by Istanbul. Dei byrja og å ta gislar i hovudstaden Ankara, samstundes som dei med makt tok over den statlege fjernsynsstasjonen og tvinga nyheitsopplesarane der til å annonsere statskupp.
MOTSTAND: desse demonstrantane gjer opprør mot forsøket på statskupp, og angriper hæren sin stritdsvogn
Foto: TUMAY BERKIN / ReutersI løpet av natta har det vore mykje støy i dei største tyrkiske byane. Tanks har patruljert gatene, jagarfly har brote lydmuren i låg høgde og militæret har vore i open skotveksling med politiet i gatene.
No tyder alt på at forsøket på statskupp er mislukka, men mykje er likevel usikkert. Likevel planlegg Nygjerde og familien hennar å halde fram med ferien som normalt.
– Vi skal vere her ei veke til, og eg trur ikkje dette kjem til å ha noko å seie for turen vår vidare, seier ho.
Om dei likevel skulle ombestemme seg, har fleire forsikringsselskap varsla at dei kjem til å dekke avbestillingar og heimreiser frå tyrkia.