Hopp til innhold

– Det kan virke som om Jenny Følling blir straffa

Halvparten av lokallaga i Senterpartiet vil ikkje ha Jenny Følling på stortingslista til valet neste haust. Fleire i partiet peiker no på rolla hennar i regionforhandlingane som grunnen til det.

Jenny Følling fylkesutvalet 7. desember 2015

VRAKA: 13 av lokallaga i Senterpartiet har ikkje sett Jenny Følling opp på sitt framlegg til stortingsvalliste

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg vil vite kva Jenny Følling eigentleg meiner om regionreforma. Forhandlingane er over, og det er tid for politikk. Ho er først og fremst senterpartipolitikar. Det seier ordførar i Lærdal for Senterpartiet, Jan Geir Solheim.

Fylkesordførar Jenny Følling og fylkesordførarane i Hordaland og Rogaland har vorte samde om å gå saman til eit nytt storfylke dei kallar Vestlandsregionen.

Les også: Alt du treng å vite om Vestlandsregionen.

Samstundes er Senterpartiet kanskje den største kritikaren av dette prosjektet, og store delar av partiet si gruppe på fylkestinget har varsla at dei vurderer å røyste nei til avtalen når den skal handsamast der.

Som ein av dei mest profilerte politikarane i Senterpartiet har altså Følling måtte forhandle fram ein avtale partiet hennar i utgangspunktet er imot.

Jenny Følling i korridorane på Sunnfjord Hotell

TØFT: Jenny Følling skildra forhandlingane mellom fylkesordførarane som tøffe, og ho var synleg nøgd då dei endeleg kom i hamn.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kunne hatt ei anna tilnærming

Slike dobbeltroller er ikkje heilt uvanlege, og Følling har som fylkesordførar fått instruks av eit nesten samrøystes fylkesting om å gå inn i regionforhandlingane. Likevel reagerer fleire i partiet hennar på måten ho har gjort det på.

– Vi er fleire som tenkjer at Sogn og Fjordane har hatt ei for aktiv rolle i desse forhandlingane, og at fylkesordføraren kunne hatt ei anna tilnærming. No etterlyser eg senterpartihatten hennar, seier Solheim.

Ved sist val hadde Jenny Følling andreplassen på stortingslista. Av dei 27 som har levert sine forslag til vallister er det berre fire lag som denne gongen har nominert ho på den plassen.

– Jenny er den beste kandidaten vi har

Erlend Herstad i Naustdal meiner Jenny Følling er den beste kandidaten, og skulle gjerne sett ho endå høgare opp enn andreplassen.

Erlend Herstad

STØTTESPELAR: Erlend Herstad er ein sterk støttespelar for Jenny Følling, og tykkjer ho har gjort ein strålande jobb som fylkesordførar

Foto: SP/Ragne B Lysaker

– Jenny er den beste kandidaten vi har, og ein soleklar listetopp etter mitt syn.

Herstad trur Følling no opplever ein slitasje som følgje av både regionforhandlingane, og den betente Fjord1-saka.

– Det er farleg å spekulere for mykje i kvifor lokallaga nominerer slik dei gjer, men ein del av det handlar kanskje om at dei misforstår rolla til fylkesordføraren i desse forhandlingane, og tolkar ho som ein personleg tilhengar av heile regionreforma.

Full støtte i fylkestingsgruppa

Store delar av fylkestingsgruppa til Senterpartiet har varsla at dei er kritiske til storfylket, men gruppeleiar og fylkesleiar Sigurd Reksnes understrekar at Jenny Følling har full tillit i gruppa.

Sigurd Reksnes

FULL STØTTE: Fylkesleiar Sigurd Reksnes seier at Jenny Følling har full støtte i fylkestingsgruppa

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Følling har full tillit i heile gruppa, og vi stiller oss alle bak den jobben som ho har gjort i forhandlingane med dei to andre fylkesordførarane.

Fylkesordføraren sjølv seier at ho har eit avslappa forhold til nominasjonsprosessen, men elles ikkje ønskjer å uttale seg. Kritikken frå Lærdal-ordføraren avfeiar ho.

– Ingen treng å vere i tvil om at eg er senterpartipolitikar, og at eg har Senterpartiet sitt program i ryggen. Samstundes er eg fylkesordførar, og det er ikkje ein hatt eg kan ta av meg.

Har fått nok

Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal er likevel oppgitt, og han trur partiet no treng å ta endå større avstand ifrå det han opplever som sentraliseringspolitikken til regjeringa.

– Eg har rett og slett fått nok no, det er så mange prosessar på ein gong som alle går i retning av meir sentralisering her i landet. Her må Senterpartiet vere krystallklare på at vi er motstandarar av det.