Hopp til innhold

– Det er så irriterande og øydeleggande

Fyrst opna politikarane datasenter med pomp og prakt. No snublar næringa fordi politikarane har ombestemt seg.

Edvin Brun, dagleg leiar, Bluefjords datasenter Luster

KRITISK: Edvin Brun, dagleg leiar på Bluefjords datasenter i Sogn, er ikkje imponert over at politikarane vil fjerne fritaket for elavgifta.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Budsjettkameratane i Stortinget blir skulda for kaos.

I budsjettforliket vil regjeringa og KrF fjerne fritaket for elavgift for datasenter som vinn ut kryptovaluta. No har Venstre likevel sett saka på vent fordi dei er i tvil.

Datasenteret Bluefjords i Sogn har investeringar for fleire titals millionar i spel, seier dagleg leiar Edvin Brun.

– Det er så irriterande, så øydeleggande. Det er tragisk, seier Brun.

Bransjen har brukt politisk stabilitet som salsargument internasjonalt.

– Vi kan ikkje forby alt vi mislikar

Kryptovaluta er digitale pengar som blir vinna ut gjennom tunge rekneoperasjonar. Dette krev enorme mengder med energi, og miljørørsla meiner det er sløsing med kraft.

Opninga av Lefdal Mine Datacenter i Eid.

OPNING: Ein energiminister i bunad og IT-toppar frå heile verda opna Lefdal Mine Datacenter i fjor.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Store datasenter har i dag redusert elavgift slik som kraftkrevjande industri. Avgifta er 16,58 øre, industrien betalar berre 0,48 øre.

Lefdal Mine Datacenter i Nordfjord er blitt rekna som største datasenteret i landet. Administrerande direktør Jørn Skaane meiner utvinninga av kryptovaluta no blir flytta til naboland.

Jørn Skaane og Mats Andersson

OPPGITT: Jørn Skaane (t.v.) og marknadsdirektør Mats Andersson i Lefdal Mine Datacenter (arkiv)

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi kan ikkje forby alt vi mislikar. Straumen vil bli produsert her til lands, og bli eksportert til dei same riggane som blir flytta til Sverige, seier Skaane.

– Kan sette ein stoppar for spennande teknologi

Skaane seier kryptovaluta ikkje er eit primærområde for Lefdal Mine Datacenter, men at teknologien bak, såkalla Blockchain, er viktig.

– Dette er ikkje bra for Noreg sitt omdømme som datasenternasjon, seier Skaane.

– Kan ein ikkje forstå at politikarane mislikar sløsing med straum?

– Det er lett å følgje den logikken. Men det er rett å ta ein pust i bakken, og finne ut kva dette faktisk betyr.

Bransjen fryktar at nei til kryptovaluta også set stoppar for satsing på blockchainteknologi som valutaen bygger på. Dette er rekna som det neste store i it-verda.

– Ein dreg nissehua ned og overlèt dette til andre land, seier Edvin Brun.

Vurderer tenkepause

Venstre opnar for ei utsetjing av vedtaket om full elavgift frå nyttår.

– Bransjen seier det er lite føreseieleg at dette skjer over natta, seier stortingsrepresentant Abid Raja til E24.

Raja seier avgifta ikkje var Venstre sitt forslag. Heller ikkje KrF vil ta ansvaret.

– Dette var ikkje ei avgift KrF ynskte. Dette er det andre parti som har ivra for å få på plass, seier Tore Storehaug (KrF).

Han skjønar likevel at ein ikkje vil bruke straum på kryptovaluta.

– Kven ville då innføre avgifta?

– Eg har ikkje vore i forhandlingane, seier Storehaug.

Men for fleire norske datasenter kan skaden alt ha skjedd, meiner Edvin Brun i Bluefjord.

– Politikarane bør gløyme heile forslaget. Det er skremmande at dette kjem på bordet i ein hestehandel, som ingen parti eigentleg vil ta ansvaret for.

Lefdal Mine Datacenter

STORT: Lefdal Mine Datacenter i Nordfjord er eit datasenter djupt inne i ei tidlegare olivingruve.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK