Hopp til innhold

«Det er deilig når det svingar»

Det var kommentaren frå ein av passasjerane under helikopterturen i Håradalen i 2013. – Få sekund etter reagerer flygaren, og vi stig rett opp, så styrtar vi i bakken, seier eit av vitna i den andre dagen av rettssaka.

Under Røldal Freeride Challange 27. april i 2013, styrta eit helikopter frå Fonnafly i snøen ved Røldal skisenter. Helikopteret knakk i to, men verken flygaren eller dei fire passasjerane om bord i helikopteret vart skadd.

I november 2014 vart flygaren tiltalt for omsynslaus køyring. Han kan risikere to års fengsel. Flygaren erkjenner ikkje straffskuld på dei tre tiltalepunkta.

I dag starta den andre dagen av rettssaka der tingretten skal ta stilling til påstanden om omsynslaus flyging i samband med styrten som skjedde i Håradalen i 2013. I dag skal dei fire passasjerane forklara seg.

– Han flyr meir aggressivt enn andre flygarar eg har opplevd

Første vitnet

– Ein manøver det ikkje var behov for

Første vitnet fortel at ein av passasjerane seier høgt «det er deilig når det svingar litt», under helikopterturen.

– Då kom reaksjonen frå flygaren, seier vitnet.

Vitnet oppfattar det som at reaksjonen frå flygaren kom med ein gong etter at kommentaren kom.

– Han gjer ein manøver som det i utgangspunktet ikkje var behov for, men som eg følte var for å tilfredsstille kommentaren som kom og for at vi skulle få meir sug i magen, seier vitnet.

Bertil Christian Hast Rønnestad, aktor er politiadvokat

AKTOR: Politiadvokat Bertil Christian Hast Rønnestad er aktor.

Foto: Tale Hauso

– Kva gjer at du oppfattar det? spør aktor.

– Berre nokre sekund seinare stig vi plutseleg rett opp. Mi oppfatning er at det er ein reaksjon på den kommentaren, og at han vil gje oss ei oppleving, seier vitnet.

– Eg tenkte at det såg skummelt ut, men tenkte at det var meininga. Eg fekk ikkje tid til tenkje at no smeller det, før det faktisk smell, seier vitnet.

Varierande flyhøgde

Aktor tok opp høgdespørsmålet til alle vitna, for å høyre kva høgde dei oppfatta at helikopteret var i. Tingretten skal ta stilling til om den tiltalte flydde for lågt i forhold til forskriftene.

Dei fleste svara ei høgde mellom 50 til 100 meter. Medan to meinte derimot at det var opp mot 150 meter høgde.

– Ting var smått under oss, og då trur eg at det vertfall var over 100 meter, seier det eine vitnet.

Såg styrten frå bakken

To vitne som stod på bakken og observerte helikopteret og styrten, var til stades i retten i går for å forklare seg. Dei begge oppfatta at flyet hadde tatt ei brå vending, før det styrta.

– Det såg ut som at helikopteret gjekk rett opp, så gjorde det ein bevegelse. Snuten peika rett opp og halen rett ned. Så går det i bakken, seier vitna.

Gjorde ein unnamanøver

Då den tiltalte forklarte seg i retten i går, forklarte han at han hadde tatt ein unnamanøver.

– Eg oppdagar ei kraftlinje, som eg føler er altfor nær. Eg gjer ein unnamanøver, men den vert ikkje heilt som eg hadde tenkt, forklarar den tiltalte seg.

Siste vitnet fekk spørmål om kvifor han trudde flygaren gjorde plutseleg ein så brå manøver.

– Eg trur det var nødvendig å kome seg vekk frå høgspenten, men eg trur ikkje det var nødvendig å gå så brått og så rett opp, seier det siste vitnet.

Hardanger tingrett har sett av tre dagar til handsama saka.

Helikoterstyrt i Røldal

RØLDAL: I april 2013 styrta eit helikopter ved Røldal skisenter i Odda. Ingen personar kom til skade i styrten. Helikopterpiloten er tiltalt for omsynslaus køyring.

Foto: Svela, Elling / NTB scanpix