Hopp til innhold

– Dersom saka i Vik stemmer, så er det ikkje slik bøndene skal halde på

Bondelaget tar no eit oppgjer med bærbønder som gir sesongarbeidarar for låg løn, dårlege bustader og dårlege arbeidsforhold. Ein polsk mann er sikta for menneskehandel og fire bønder i Fresvik i Sogn har leigd arbeidskraft via mannen.

Anders Felde

REAGERER STERKT: Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde, seier det er svært viktig at bøndene sørgar for gode arbeidsvilkår for sesongarbeidarar.

Foto: Artur do Carmo / NRK

No krev Anders Felde i Norges Bondelag at ingen bønder skal bryte lovar og reglar for å spare pengar, anten det er i bærproduksjon eller andre deler av næringa.

– Det skal vere ein tilfredsstillande økonomi for bonden som eig og så skal vi følge lovar og reglar. Både når det gjeld buforhold, arbeidstid og når det gjeld løn til arbeidarane. Det er heilt ufråvikeleg, seier Felde som er leiar for bondelaget i Sogn og Fjordane.

Lagmannsretten skal fredag eller måndag avgjere om ein 49 år gamal mann frå Polen skal sitje i fengsel medan politiet etterforskar vidare.

Politiet meiner at han har gjort seg skuldig i å gje sesongarbeidarar svært dårlege arbeidsvilkår i så alvorleg grad at det er snakk om menneskehandel.

– Siktinga mot mannen er oppretthalden og vi etterforskar saka vidare uavhengig av om mannen blir fengsla eller ikkje, seier politiadvokat Bernt Dahlsveen til NRK.

Dei har avhøyrd fleire vitne i saka, men Dahlsveen vil ikkje kommentere om det er aktuelt å sikte fleire i saka på noverande tidspunkt.

Politiaksjon i Fresvik i Sogn

AKSJON: Politiet og arbeidstilsynet gjekk til ein samla aksjon mot den polske mannen sitt bemanningsfirma.

Foto: NRK-tipsar / NRK

– Ingen skal bryte regelverket

Felde i bondelaget vil ikkje gå direkte inn i den aktuelle saka, men han er tydeleg på at inga næring er framtidsretta om den er tufta på å bryte regelverket.

– Dette held dei fleste bringebærbønder seg til, så må vi passe på at absolutt alle gjer det. For dersom saka i Vik stemmer, så er det ikkje slik som bøndene skal halde på, slår Felde fast.

Lønsemda i bærnæringa har vore svak dei siste åra, hevdar bærbønder NRK har snakka med.

For kvar korg bringebær du kjøper på butikken, sit bærbonde Ola Hopperstad att med drygt 20 kroner i gjennomsnitt til å dekka produksjonen av den korga.

– Alle kostnadar stig kvart år, utanom utsalsprisen i butikken, seier Hopperstad i Sognabær som driv bringebærproduksjon på Vangsnes ved Sognefjorden.

Tok ikkje ut løn sjølv

Av dei litt over om lag 22 kronene Sognabær får tilbake for éi korg, går mellom 12 og 13 kroner ut att i løn til sesongarbeidarane. Resten går til drift.

– I fjor gjekk vi i minus, og vi som eig Sognabær tok heller ikkje ut løn sjølv, seier Hopperstad.

Han fortel at mellom 55 og 60 prosent av utgiftene deira er løn til sesongarbeidarane.

– Marknaden bestemmer prisen. Me skal konkurrera med import-bær på pris, men kostnadsnivået på produksjonen er norsk. Det er ein forferdeleg vanskeleg balansegang, seier Hopperstad.