Hopp til innhold

– Den omsorga folk viste var utruleg fint

Anders Wilson Jarnung stilte til teneste då to hus i bygda hans stod i brann. Han blei overraska over den varmen folk viste for sambygdingane sine.

Brannbil i Sogndal

BRANNVESEN: Brannvesen frå fleire stader i fylket rykte ut til brannen i Sogndal, der to hus blei totalskadd.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Eg hadde vakt ein annan stad, då ein kjenning sende melding og spurte meg om eg visste noko om brannen, seier Anders Wilson Jarnung.

Han tok beina fatt og melde seg straks til teneste hos politiet. Då blei han raskt sett i arbeid.

– Eg har ikkje opplevd å vere på ein slik stad før, men treninga eg har frå andre ting slo inn og eg gjekk på autopilot, seier han.

Ambulanse, sogndalbrann

AMBULANSE: I alt fem ambulansar kom til staden i natt.

Foto: Arve Uglum / NRK

Oppgåva var å halde folk vekk frå åstaden, og varsle om risikoen ved å få i seg røyken.

– Eg hadde ei positiv oppleving med dei eg møtte. Folk tok oppmodinga mi. Då vi ikkje enno visste kva som brann, visste vi ikkje om røyken kunne vere skadeleg for folk, seier han.

Og folk strøymde til for å hjelpe dei som mista alt dei eigde i husbrannane. Wilson Jarnung har ikkje tidlegare opplevd ei slik varme frå sambygdingane sine. Folk ville bidra med både klede og mat til dei som var ramma.

– Den omsorga dei viste, var berre heilt utruleg. Tankane mine går til dei som er ramma no, seier han.