Hopp til innhold

– Om nokon sel litt krabbe her og der, så må jo det vere lov!

Staten ynskjer å stoppe svart sal av sjømat. – Då vert den for dyr, seier ein som formidlar sal av sjømat via nettet.

62jslwGrFeA

DYRT: – Prisane på fisketorget i Bergen er eit ran, seier ein seljar av skaldyr på svartebørsen i Bergen. Han meiner det er statens skuld at marknaden eksisterer.

Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix

– Om du tek deg ein tur på torget i Bergen, så kostar ein kilo kongekrabbe opp mot 1.500 kronar. Medan du kan få det på ein kai i Noreg-Noreg for 85 kronar, seier administratoren av ei Facebookside som formidlar kontakt mellom kjøparar og seljarar av sjømat.

Sida er del av ein større svartebørsmarknad for skaldyr på Vestlandet. Sideadministratoren vedgår å operere i ei gråsone, men meiner det er forsvarleg:

– Prisane som vert sett av staten og dei registrerte salskanalane er så latterleg høge, at det er heilt skandaløst, seier han.

– Den norske stat stel, det er derfor folk driv ulovleg.

– Usolidarisk overfor yrkesfiskarar

Denne veka gjekk Fiskeridirektoratet ut mot Facebooksider som organiserer kjøp og sal av sjømat utan løyve.

«Det kan virke uskuldig, men samla sett utgjer dette eit stort problem», skriv dei, og fortset: «For det første er det usolidarisk overfor yrkesfiskarar og andre som lovleg omset fangst ved at slikt sal fråtar dei mogelegheit til å selje sin fangst. Dei skal trass alt leve av dette. For det andre er det skatteunndraging ved at omsetting av fangst skjer utan å bli oppgitt til skattemyndigheitene.»

Kommunikasjonsrådgjevar i Fiskeridirektoratet, Olav Lekve, seier utspelet handlar om å endre haldningar:

– Først å fremst ønskjer me å gjere folk merksame på at dette ikkje er greitt. Så er det òg viktig å minne på at det er ulovleg å drive fangst på denne måten.

skalldyr på facebook

KJØP OG SAL: Eit av dei mange kjøp og sal-gruppene av skaldyr, som eksisterer på Facebook.

Foto: SKJERMDUMP

– Svindel mot staten

– Slik aktivitet er jo svindel mot staten, og det går utover yrkesfiskarane som skal leve av dette, seier direktør Magnar Aasebø i Vest-Norges Fiskesalslag i Måløy.

Fiskesalslaget er ansvarlege for å registrere fiskarar som ynskjer å selje vidare varene sine.

– Det er nok mange som går utanom lova. Og dersom me får tak i slike opplysningar, så går me etter dei, seier Aasebø, og legg til at «piratverksemda førar til ein skadeleg konkurransevriding på marknaden».

Han oppmodar folk til å tenkje seg om før dei kjøper sjømat utanom marknaden:

– Me håpar at dei som driv med dette er klar over at me ser og registrerer aktiviteten dei held på med.

– Hol i marknaden

Administratoren av Facebooksida kvitterer med at han vil halde fram verksemda, samstundes som han hevdar at den regulerte marknaden også har sine manglar:

– Mange som har løyve kjøpar også svart og sel vidare til høgare pris. Nettopp løyva gjer at dei kan selje dyrare. Det er mange hol i marknaden.