Hopp til innhold

– Dei unge må gå fyrst

Nedgangstider i industrien rammar dei yngste hardast. Mange går no ein usikker sommar i møte.

Det er de unge som må gå først når stadig flere bedrifter må si opp ansatte.

SJÅ VIDEO: Jonas Gahr Støre (Ap) var i dag på besøk Rolls-Royce i Bergen for å snakka med fleire av dei som no mistar jobben.

I over fire år har Carina Rinde bygd motorar i verdsklasse ved Rolls-Royce i Bergen. Men snart er det slutt - 10 juli er hennar siste arbeidsdag.

– Det er sjølvsagt veldig tragisk for oss som vert ramma. Veldig mange av oss er unge menneske i etableringsfasen. Men det er jo slik i heile samfunnet no, eg er ikkje aleine, seier Rinde.

Over 22 000 oljejobbar har forsvunne i Noreg på under eitt år.

Aktiviteten er framleis høg på Rolls-Royce på Hordvikneset. Men mangelen på ordrar framover gjer at 200 har fått oppseiing. Dei yngste må gå fyrst.

Carina Rinde

USIKKER FRAMTID: Om 3 veker står Carina Rinde utan jobb. Men ho seier ho kjem til å gjera alt ho kan for å finna seg ein ny arbeidsstad.

Foto: NRK

– Med tanke på kor høg snittansienniteten er i denne bedrifta her så var det inga overrasking. Når eg høyrde det skulle komma ei nedbemanning så gjekk eg ut ifrå at eg var ein av dei som måtte gå, seier Rinde.

– Me er for passive

Partileiar i Arbeidapartiet Jonas Gahr Støre meiner ein gjer for lite for dei som mistar jobben.

– Me på spela på lag. Me er alt for passive i Norge i dag. Ein bør ha eit permitteringsregelverk, slik at dei som vert oppsagde kan komma tilbake når tidene snur.

Støre er opptatt av at ein må ta vare på kompetansen som folk sitt inne med.

– No er det nedgang, ein kan ikkje gjera noko med at oljeprisen fell. Men å planlegga for at denne kompetansen vert tatt vare på er viktig. Kunnskapen til dei som mistar jobben kjem til å bli etterspurd att.

LES OGSÅ: – Stemninga er tung i gangane hos Rolls-Royce

Unge menn utan jobb

Ifølge tal frå SSB var 71 000 unge menneske i alderen 15–29 år verken i arbeid, under utdanning eller i opplæring i 2014.

– Det me registrerer i NAV i Hordaland er at unge menn i alderen 25 – 29 år er den gruppa som har høgast ledigheit. Der ser vi den største auken, seier Anne Kvernland Bogsnes, fylkesdirektør i NAV Hordaland.

– Kva alternativ finst for dei som no mistar jobben?

– Dei som ikkje har utdanning, oppmodar me til å skaffa seg det. Dei som allereie har utdanning må ut å søka jobb. Ein kan ikkje mista motet om ein får avlslag fyrste gongen. Ein må ha tolmod og bruka nettverk og venner for å orientera seg. Det er ein fulltidsjobb å søka jobb.

Anne Kverneland Bogsnes

FULLTIDSJOBB: Fylkesdirektør i NAV, Anne Kverneland Bogsnes, oppmodar arbeidsledige til å bruka tid på jobbsøking.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Bogsnes meiner det er svært viktig å vera fleksibel.

– Me har relativt låg ledigheit, det er 2.6 prosent ledigheit i Hordaland. Viss dei som søkjer arbeid er litt fleksible, flytta til ein anna stad, eller takkar ja til jobbar som kanskje ikkje er draumejobben, så er det framleis mykje å velja i.