– Dei er ikkje velkomne

Både Bandidos og Hells Angels er i ferd med å etablere faste avdelinger i Bergen.

Samurai MC

Samuria MC er på veg inn i Bandidos.

Foto: Faksimile fra klubbens nettside

Samurai Mc har prøvemedlemskap i Bandidos, medan Renegades har prøvemedlemskap i Hells Angels.

Disse klubbene er framleis like lite velkomne, sier politistasjonssjef Rune Solbakken.

LES ÒG: I ferd med å få fotfeste i Bergen

LES ÒG: Frykter fleire MC-klubbar

Rune Solbakken

Politistasjonssjef i Bergen, Rune Solbakken, er ansvarleg for arbeid mot organisert kriminalitet.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

– Det er heilt klårt at dersom dei etablerer seg i Bergen, så er det lite ønskjeleg for politiet og for samfunnet generelt, seier Solbakken.

Hangarounds i begge leirar

Renegades i Hardangervegen er offisielle hangarounds, eller prøvemedlemer i Hells Angels. Medan Samurai Mc med base på Brattholmen på Sotra og i Pattaya i Thailand har same status i den rivaliserande organisasjonen Bandidos.

LES ÒG: Skjenka ulovleg

– Medlemar av desse klubbane erknytta til organisert kriminalitet. Det har me lenge hatt kjennskap til. Ikkje minst i frå utlandet og frå andre stader i Norge, seier han.

Bandidos
Foto: MARK BAKER / AP

Dersom Renegades og Bandidos gjer som Hells Angels vil i prøvetida på ca to år, vil dei berykta MC-bandane ifølgje Kripos straks ha sine faste avdelingar i byen.
Det har bandane ikkje klart før, blant anna fordi politiet har slått til med razzia og arrestasjonar når noko har vore på gang.

LES ÒG: Hells Angels var på veg til Voss

– Dette er klubbar som driv organisert verksemd, og det er ikkje noko å lefle med, for å seie det slik.

Trur ikkje på fredleg ytre

Sjølve framstiller dei organiserte mc-bandane seg som fredelege familiefolk, med stor interesse for brummande amerikanske motorsyklar.

LES ÒG: Naboer er redd MC-klubb

Men NRK sine spørsmål vil dei ikkje svara på, verken på telefon eller e-post.
Politiet trur uansett ikkje dei gjeve heilt sannferdige svar.

Hells Angels
Foto: Russel A. Daniels / Scanpix

Rivalisering

Andre stader har det oppstått krig mellom bandane dersom dei vågar seg inn på den rivaliserande klubben sine territorium. Politiet vil ikkje ha denne typen vald her i byen.

– Me har jo sett i frå andre stader, og spesielt i utlandet, at der begge klubbane, og forsåvidt andre rivaliserande klubbar har etablert seg, så har det budd på ekstra utfordringar. Og det har og vore delvis konfliktar mellom desse klubbane, og det er lite ønskjeleg, seier politistasjonssjefen.

I juni 1997 eksploderte ei bombe ved Bandidos sitt hovedkvarter i Drammen. Då vart ei forbipasserande kvinne drepen. Prøvemedlemar i Hells Angels fra området rundt Hamar stod bak attentatet.