MS «Bluefin» frå Nekkøy i Flora har fått løyve til å drive med forsøksfiske etter makrellstørje i 2017. I dag halte dei i land 29 størjer på eit kast, som kan gi dei store pengar i kassen.
Makrellstørja vert ofte kalla den dyraste fisken i verda og vert i enkelte land rekna som ei delikatesse. Den kan verte betalt med fleire hundre kroner per kilo. På grunn av tidlegare tiders overfiske, har størja vore vanskeleg å finne dei siste tiåra.
- Les også:
– Det var veldig spennande. Vi har hatt fleire bomkast før i dag også såg vi dei kome opp med nota, fortel Nekkøy.
Båten hadde avgang frå Florø 21. august og er no på veg til land for å losse.
– Det er god størrelse på makrellstørjene. Ein var langt over 2 meter og eg føler meg litt liten når eg står på sida.
Trefte på fjerde dagen
Båten MS «Bluefin» har det rette namnet for fiske etter makrellstørje, for Bluefin tuna er det engelske namnet på fisken dei no har halt i land 29 stykke av.
– Det begynner gjerne med at vi ser ein flekk i horisonten. Dei går opp i overflata og jaktar på småfisk. Vi har hatt folk på toppen av taket som kika etter dei med kikert, seier ho.
Nekkøy var med første gong som mannskap for 10 år sidan, då var ho 18 år, men det er første gong ho har sett ei størje på så nært hald.
– Det var veldig tøft. Vi har sett dei hoppe rundt her dei siste dagane, men å få dei heilt opp på dekk var veldig spesielt.
Er mannsterke
Besetninga på sju, har i tillegg med seg tre personar som passar på at alt går riktig føre seg. Både Havforskingsinstituttet og ein teknikar frå Japan passar på.
– I år er det berre denne båten som har lov til å fiske makrellstørjer. I fjor var det båten Hillersøy. Vi har både inspektørar og observatør med.
– Vanlegvis er vi seks personar om bord, men på denne turnen er vi 10. Vi stablar i høgda på lugarane, fortel ho med litt latter.