Hopp til innhold

– Arkitekturen i Bergen har på mange måtar stoppa opp

Nye og store bygg reiser seg over alt rundt om i Bergen. Men byggeekspertane er lite imponert over arkitektur og utsjånad på nybygga i byen.

Mathallen i Bergen

LITE SPENSTIG: Mathallen på Fisketorget er ei av dei nyreiste signalbygga i byrommet i Bergen dei siste åra. Men er bygg som dette nytenkjande og modige?

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Mykje av det vi har sett oppført dei siste åra, er rett og slett keisamt.

Mette Svanes, plansjef i Bergen kommune

Det er i Eiendomsmagasinet at plansjefen i Bergen kommune, Mette Svanes, rettar kritikk mot både arkitekturar og utbyggjarar i sine eigen by. Ho er ikkje nådig i domen.

– Eg ser lite der eg tenker: Oi, dette var flott!

Plansjef Mette Svanes

FOR LÅG 'WOW'-FAKTOR: Plansjef Mette Svanes etterlyser vilje og mot til meir utfordrande nybygg i Bergen. Ho vil ha meir spenstig ny arkitektur.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Det er dei mange nybygga i byen ho refererer til. Svanes saknar først og fremst bygg som peikar framover, mot noko nytt.

– Mykje av det vi har sett oppført dei siste åra, er rett og slett keisamt. Dei tilfører omgivnadene lite nytt, det synest eg er trist.

  • Har du eksempel på kjedelege eller stygge nybygg? Bruk kommentarfeltet nedst i saka.

Meiner alle må skjerpa seg

Det er først og fremst utbyggjarar og arkitektar Svanes rettar ein peikefinger mot. Ho trur dei må våge litt meir.

Mykje av det vi har sett oppført dei siste åra, er rett og slett keisamt.

Mette Svanes, plansjef i Bergen kommune

– Fram med kvalitet, og fram med spenst.

Gulating lagmannsrett

SPENNANDE? Nye Gulating lagsmannrett er eit av nybygga som har dukka opp i Bergen dei siste åra.

Foto: Reinhardheydt / Wikimedia Commons

– Kva er det som er så lite spenstig?

– Vi må bli litt modigare. Og våge å tenkje: Kva er det framtidas bergensarar vil spørja etter, kva vil framtida ha?

Arkitektane tar sjølvkritikk

Plansjefen er ikkje den einaste som synest at det manglar eventyrtrong i den bergenske arkitekturen.

Bergen Arkitektforening

LITE UTFORDRANDE: Jørgen Grahl-Madsen er leiar i Bergen Arkitektforening, og synest at det er mange fine bygg i Bergen. Men han vedgår at det ikkje er like lett å finne utfordrande nybygg.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Jørgen Grahl-Madsen, leiar i Bergen Arkitektforening, meiner samstundes at det blir bygd fine bygg.

– God arkitektur ser vi, ja. Men arkitektur som utfordrar, det er det veldig vanskeleg å finne eksempel på.

Han trur ikkje det berre er arkitektane det står på.

– Det er litt som eit troll med mange hovud: Alle må bli flinkare, alle må legge seg meir i selen dersom ein ønsker at Bergen skal stå fram som ein by med nyskapande arkitektur.

Meiner kommunen har skulda

Damsgårdssundet i Bergen er ein av stadane i byen der det har kome mange nybygg den siste tida.

Tor Magne Birkelid, utbyggingsdirektør i Bergen og omegn boligbyggelag (BOB), seier det er svært krevjande å få gjennomslag for nyskapande prosjekt. Han meiner kommunen må ta sin del av skulda.

– Arkitekturen i Bergen har på mange måtar stoppa opp.

BOB sitt store prosjekt i dag, er Damsgårdssundet. Der skal dei blant anna byggja verdas høgaste trehus.

BOB

HAR FÅTT NEI FRÅ KOMMUNEN: Tor Magne Birkelid, utbyggingsdirektør i BOB, seier dei har fått nei frå Bergen kommune til fleire nye og spanande utbyggingsprosjekt, blant anna i Damsgårdssundet.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Sjølv om planane har vore klare sidan 2007, var det først i år at Bergen kommune godkjende planen. Birkelid meiner kommunen legg for mange og strenge føringar.

Står Bergen kommune sjølv i vegen for framtidsretta bygg i byen?

– Ja, på mange måtar. Vi har møtt veggen med fleire prosjekt i Damsgårdssundet, og hadde det vore meir vilje hjå kommunen, kunne vi fått til mykje meir, seier Birkelid.

Tar ikkje kritikken

Tilbake på kontoret til plansjefen, stiller Mette Svanes seg uforståande til kritikken om at kommunen sjølv er ein festbrems når det gjeld nyskapande bygg.

– Ja, vi har rammer for bygg, men det går absolutt an å gjera mykje spanande innanfor desse rammene. Det er fullt mogleg å vise fram mykje nyskapande.

  • Kva for nokre nybygg i Bergen synst du er stygge eller keisame?