Hopp til innhold

– Bøndene driv eit politisk spel

– Bøndene har eit urealistisk høgt krav til staten, seier Britt Dalsbotten i Framstegspartiet.

Britt Dalsbotten

FORSTÅR IKKJE BØNDENE SI MISNØYE: Britt Dalsbotten i Framstegspartiet meiner bøndene sine aksjonar mot staten etter årets jordbruksforhandlingar, er eit politisk spel.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette er ei politisk spel, og ikkje ei reell misnøye. I forhandlingane var staten villige til å strekke seg langt, seier Dalsbotten.

Torsdag har bønder over heile landet aksjonert for å vise si misnøye med staten etter årets jordbruksforhandlingar.

Langs E39 køyrde bøndene i kolonne for å få politikarane og folket si merksemd.

Men bøndene si misnøye er ikkje reell, meiner Dalsbotten.

Bønder har hengt opp plakat ved Sunde i Førde

AKSJONERTE: Desse plakatane var hengde opp på ein av traktorane som var i traktorkolonnen på E39.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Urealistisk

– Viss ein ser tilbake til 2014, sist gong det blei brot i forhandlingane, enda kravet i Stortinget. Då enda det med ein ramme på 400 millionar kroner. Året etter blei det inngått avtale på 400 millionar. I 2016 blei det inngått avtale på 350 millionar kroner, seier Dalsbotten.

I år var staten sitt tilbod på 410 millionar kroner før forhandlinga starta.

– Når då landbruksorganisasjonen plussar på éin milliard, er dette eit heilt urealistisk krav.

At bøndene seier dei har eit inntektsgap å ta igjen, meiner Dalsbotten ikkje er tilfelle.

– Bøndene har hatt ei god inntektsvekst dei siste åra. Frå 2014 til 2017 ligg dei an til ein vekst på 18,1 prosent.

– Nok er nok

Anders Felde

– ALTERNATIVE FAKTA: Anders Felde, leiar i bondelaget i Sogn og Fjordane, seier regjeringa forsøker å forvrenge verkelegheita med alternative fakta om bøndene si inntektsvekst.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det meiner derimot Anders Felde, leiar i bondelaget i Sogn og Fjordane, er alternative fakta.

– Det er veldig synd at vi har ei regjering om ikkje kan å rekne. Dei forsøker å forvrenge verkelegheita med alternative fakta.

Felde seier aksjonane torsdag, viser eit samla norsk landbruk med ei klar beskjed til regjeringa:

– Nok er nok. Mobiliseringa har vore heilt fantastisk.

Dalsbotten står fast ved at bøndene si misnøye ikkje er reell.

– Forstår du harmen som bøndene kjenner mot regjeringa?

– Nei, det gjer eg ikkje. Vi har kome med eit tilbod som er godt over det som tidlegare forhandlingar har enda på. Men for all del, bøndene har rett til å demonstrere og lage litt oppstyr for å markere sine krav.