Hopp til innhold

Desse kastar ikkje mat som er utgått på dato

FØRDE (NRK): Tek du vare på matrestane eller går dei rett i boset? Praksis er nok ulik, men alle har i alle fall ei meining kva som er lurast å gjere.

Fem på gata om matsvinn

MAT TIL OVERS: Laust Balsgaard er ikkje heilt nøgd med at mat kjem i store pakkar, og at han alltid må kjøpe mykje berre til seg sjølv.

Foto: Synne Ulltang / NRK

– Best før vil ikkje seie at det er dårleg etter, seier Kamilla Langeland.

Tal syner at kvar nordmann kastar 42 kilo mat i året. Dette betyr at kvar åttande handlepose med mat går rett i bos i heimane. Nyleg fortalde NRK at appen «Too Good To Go» på halvanna år har hindra at 395.000 tonn porsjonar mat har hamna i boset.

Gjennom appen kan kundane bestille såkalla forundringsposar med restar av fult brukande matvarer som elles ville blitt kasta.

Ei runde på nokre daglegvarebutikkar i Førde syner at kundane har ei medviten haldning til matrestar eller mat som er utgått på dato.

– Lukt og smak.

Anny Lihaug (74)

Fem på gata om matsvinn

Anny Lihaug meiner ein ikkje må vere oppteken av at maten skal vere perfekt, og heller ete den som den er.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Kva gjer du med mat som har gått ut på dato?

– Den har eg i kjøleskåpet. Ein kastar ikkje mat som er gått ut på dato. Det er berre til å lukte og smake, så ser du om den er god eller ikkje.

Kva om du får turt brød?

– Turt brød? Nei, det bakar eg sjølv så det blir ikkje turt.

– Ikkje sjå på datostemplinga

Kamilla Langedal (19)

Fem på gata om matsvinn

RESTAR: Kamilla Langeland seier familien er flinke til å ete restar, og prøver å ikkje kaste mat.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Kven trur du kastar mest mat? Er det butikkane eller blir det kasta mest mat i heimen?

– Eg trur me kastar veldig mykje mat sjølve. Det kjem nok an på, men i løpet av eit år er eg sikker på at det er ganske mykje som blir kasta i heimen.

Kva gjer du med mat som har gått ut på dato?

– Ofte er den like god etter, så det er ikkje alltid datostemplinga stemmer. Viss det smakar greitt så et eg det.

Kva må til for at me som forbrukar skal kaste mindre mat?

– Eg trur ikkje me bør vera så skeptiske til utløpsdatoen, og vera litt meir kreative når det kjem til å lage restemiddag.

Store pakkar

Laust Balsgaard (47)

Kven trur du kastar mest mat? Er det butikkane eller blir det kasta mest mat i heimen?

– Det er vanskeleg å seie, men det er heilt klart stort matsvinn både når det gjeld butikkane og oss sjølve. Det burde ikkje vera så vanskeleg å lage ein matplan, og ete den maten ein ikkje får brukt dagen etterpå.

Kva gjer du med restar frå middagen?

– Eg kastar det. Alt kjem jo i store pakkar! Som einsleg kjøper eg jo store pakkar med mat som eg ikkje får brukt. Me blir nok litt lurt til å kjøpe meir enn det me eigentleg treng.

Kva gjer du med mat som har gått ut på dato?

– Eg går ikkje etter dato, men etter lukt! Er eg i tvil tek eg ein liten bit.

Undersøk

Siri Storhaug (68) og Lykke Storhaug (6)

Fem på gata om matsvinn

SER PÅ MATEN: Siri Storehaug ville aldri ha kasta mat.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Kva gjer du med mat som har gått ut på dato?

– Den luktar eg på, og undersøkjer om den kan etast.

– Kvar hamnar restane frå middagen?

– Dei hamnar i magen. Eg kastar aldri mat.