Hopp til innhold

– Beredskapen fungerte godt

Beredskapen fungerte godt under tunnelbrannen. Det meiner både Statens vegvesen og brannvesenet.

Brannbil Gudvangatunnelen

BETRE ENN SIST: Brannen i Gudvangatunnelen vart handtert godt, meiner Statens vegvesen og brannvesenet.

Foto: Arne Veum / NRK

37 menneske vart berga ut under den store tunnelbrannen i Gudvangatunnelen i går. Fire har framleis status som alvorleg skadde hjå Helse Bergen.

Svenn Egil Finden i Statens vegvesen meiner tryggingstiltak og erfaring har gjort at det ikkje gjekk langt verre.

– Slik vi ser det til no ser det ut til at alt har fungert tilfredsstillande og til dels svært godt. Det ser ut til at dei tryggingstiltaka som er innført har fungert godt. Ikkje minst erfaringa frå forrige brann har gjort at arbeidet har gått mykje betre og sikrare denne gongen.

Svenn Egil Finden

- FUNGERTE GODT: Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Endå betre no

Finden seier at det gjekk bra også ved brannen i august 2013, men endå betre denne gongen.

– Vi lærer stadig av slike hendingar.

– Er det ting de ser kunne vore gjort annleis?

– Nei, ikkje slik vi ser det no. Men når vi får undersøkt og får inn rapportar så ser vi sikkert ting som kunne ha vore gjort betre. Men vi kan ikkje sjå no at noko kunne ha vore handtert annleis. Utstyr, system og mannskap har fungert godt. Det ser bra ut.

Røyk rett veg og naudsamband


Også brannsjefen på Voss, Evind Skjerven, meiner beredskapen fungerte godt på grunn av læring frå tidlegare tunnelbrannar.

– Vi har fått ein god del erfaring, men vi kan ikkje garantere at det går godt neste gong. Det er ein del omstende som skal klaffe for at vi skal få det til.

Skjerven meiner rett styring av kvar røyken skulle ut av tunnelen gjorde sitt til at det ikkje gjekk med menneskeliv.

– Det viktigaste var at røyken vart ventilert ut den kortaste retninga. Det brann 500 meter frå den eine enden, og då må røyken ut derifrå. Det andre momentet var at vi kunne ta i bruk naudsambandet, og det gjorde at vi hadde samband med dei som var inne i tunnelen.