Hopp til innhold

– Angripen fordi han er kristen

Den afghanske mannen som er sikta for drap seier han handla i nødverje. Han har forklart at han blei angripen fordi han har konvertert til kristendommen.

Drapssikta afghansk mann

SKÅLDA: Den afghanske mannen fekk annangrads forbrenningar etter ei hending på Hå mottak i august i fjor.

Foto: Cornelius Munkvik / Stavanger Aftenblad

Forsvarar for mannen, Gisle Didriksen, seier at mannen i avhøyr har fortalt at han vart trua med kniv, og handla i nødverje etter å ha blitt angripen.

– Han har forklart at han vart beden inn på eit rom i annan etasje på mottaket. Der vart han skulda for å ha konvertert frå islam til kristendom, og vidare angripen med kniv, seier Didriksen.

Den sikta erkjenner ikkje straffeskuld og vert framstilt for varetektsarrest på torsdag. Politiet har ikkje gått ut med identiteten til den drepne.

– Offeret har utanlandsk opphav, og det tek tid å finne sikkert ut av identiteten hans, seier politiinspektør i Hordaland politidistrikt, Sidsel Isachsen.

Kontakta politiet

Ytrebygda mottak

Ved Ytrebygda mottak i Ny-Paradis, skjedde drapet tysdag.

Foto: Andreas Grimsæth / NRK

Afghanaren skal etter konflikta ha hoppa ut av eit vindauge i andre etasje, før han låste seg inne på eit anna rom på mottaket saman med ein kamerat.

– Dei fekk etter kvart tak i politiet, og min klient vart pågripen då dei kom til staden, seier Didriksen.

Den sikta hadde skadar i rygg og handa etter samanstøtet, og var på legevakten før han vart frakta i avhøyr hos politiet tysdag kveld.

Både sikta og den avdøde budde på asylmottaket i Ny-Paradis 76.

Vart skålda

Politiet vil ikkje bekrefte at den drepne mannen er frå Somalia, men etter det NRK kjenner til, skal han vere det.

Den sikta var i august i fjor i ei konflikt då han budde på Hå mottak i Rogaland. Då fekk han brannskadar etter å ha blitt kasta kokande vatn på.

Konflikt til retten

Ifølge den afghanske mannen, vart det kasta kokande vatn på han fordi han hadde konvertert til kristendommen.

Ein mann frå Somalia som vart dømt til fem månaders fengsel og til å betale ei oppreising på 40 000 kroner, til tross for at aktor i sin sluttprosedyre gjekk inn for frikjenning, fordi han meinte det heile var ei ulukke.

Somaliaren vart 6. februar i år frikjent i Gulating lagmannsrett, då dei var einige med aktor frå tingretten.

Hendinga skal vere bakgrunn for at fire personar frå Afghanistan måtte flytta frå Hå mottak.

– Kan vere bakgrunnen

Issa Hammer

Issa Hammer kjenner den sikta godt, og trur det kan vere ein samanheng mellom drapet tysdag, og eit åtak på sikta i Rogaland i august.

Foto: Turid Rogne / NRK

Ein ven av den sikta mannen, Issa Hammer, trur det kan vere ein samanheng mellom dei to hendingane. Men han trur ikkje den sikta har hatt tankar om å hemne seg.

– Han var skuffa etter frikjenninga, men han har aldri tenkt på hemn. Han var ein roleg person, og oppteken av å vende det andre kinnet til, seier Hammer.

Han trur likevel at dei to hendingane kan ha hatt ei samanheng.

– Var forfylgt

– I haust vart han forfylgt av somaliarar i Bryne. Etter at han kom til Bergen, har han ikkje opplevd noko slikt, men om han vart angripen av ein frå Somalia, kan det jo hende han har høyrt om det som skjedde i fjor, seier Hammer.

Den sikta mannen har fått endeleg avslag på sin asylsøknad, men har klaga på utvisingsvedtaket, og klagen er til handsaming.

Han har mellom anna søkt om opphald på grunnlag av at han er blitt kristen. Men den tidlegare bistandsadvokaten hans har sagt til NRK at UNE ikkje trur på at konverteringa er reell.

– Dei har vore utruleg strenge i denne saka, seier ho.

Saka vert oppdatert