Hopp til innhold

– Alltid kjekt å kome heim til Gloppen

SANDANE (NRK): Han har ei sentral rolle i å hindre og førebyggje straffbare handlingar mot Norge som nasjon. Jon Fitje Hoffmann er frå Gloppen og nyt delar av sommarferien på heimlege trakter.

Jon Fitje Hoffmann

GODE BARNDOMSMINNE: Jon Fitje Hoffmann ved Veslevatnet, med utsyn mot Fitjevårstøylen. Dit gjekk mange søndagsturar i barndommen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Han er analysesjef i PST (Politiets Sikkerhetstjeneste) og arbeider med å avsløre eventuelle terroristar.

Når han har sommarferie, tek han gjerne turen innom heimbygda.

– Det er alltid kjekt å kome heim til Gloppen. Det er ein fantastisk natur her. Det er mange år sidan eg flytta herifrå, og det er ikkje att må mykje av slekta, men eg har framleis ein god kamerat her.

NRK møtte han ved Veslevatnet, med utsyn mot Fitjevårstøylen. Derifrå har han gode minne.

– Vi var mykje på Vårstøylen i oppveksten min. Der har slekta eit lite sel, og det var ein typisk søndagstur å gå på Vårstøylen.

Jon Fitje Hoffmann

– AVSLAPPA FORHOLD TIL TERRORFARE: Risikoen er mikroskopisk, seier Jon Fitje Hoffmann.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Statsvitar

Jon Fitje Hoffmann er oppvaksen ved Gloppefjorden, men har ikkje budd i Bukta sidan han reiste ut for å utdanne seg til statsvitar på byrjinga av 1980-talet. No bur han i Bærum.

Opphaveleg heitte han berre Jon Fitje, men han og kona Maria har teke namna til kvarandre.

– Vi heiter begge Fitje Hoffmann. Vi fann ut at vi ikkje kom til å få felles born, og ungane våre har andre etternamn enn vi har, så vi fann ut at det ville vere ein fin symbolikk og markering av at vi er eit par.

– Prøver å halde på dialekten

Som analysesjef er det ein del av jobben hans å formidle ut til samfunnet dei analysane og vurderingane som PST gjer av mellom anna terrorfare. Det gjer at han av og til må opptre i media. Det gjer han på gloppedialekt.

– Eg prøver å halde på dialekten. Men ungane mine påstår at eg blir litt breiare i dialekten når eg er her enn når eg er heime i Bærum.

– Ikkje grunn til å kritisere

Denne månaden er det fem år sidan terroråtaket mot regjeringskvartalet i Oslo og massedrapa på Utøya. 69 menneske vart drepne, og 66 personar vart skadde. Jon var analysesjef også den dagen.

I etterkant har det vore spekulert på om ikkje PST burde ha avdekt planane til terroristen før han slo til.

– Dette er vurdert av 22. juli-kommisjonen. Deira konnklusjon var at det ikkje var grunn til å kritisere PST for at vi ikkje hadde oppdaga Behring Breivik. Han var åleine, det hadde ikkje vore realistisk å avdekke han utan at vi hadde hatt ein heilt annan grad av overvaking, både av han og veldig mange andre.

– Mikroskopisk risiko

Fitje Hoffmann meiner folk ikkje bør gå rundt og vere redde for å bli råka av ei terrorhandling.

– Eg har eit avslappa forhold til det. Vi veit at Sverige har lege på eit høgt terrornivå i fleire år. Eg trur ikkje det er så mange nordmenn som tenker på det når dei tek seg ein tur til Sverige. Risikoen for å bli råka av eit terroråtak er heilt mikroskopisk. Det er større risiko for å bli råka av blind vald, iallfall i vestlege land.

– Eit lite spørsmål til slutt. Då eg skulle avtale dette intervjuet gjekk eg via informasjonsavdelinga i PST. Vart eg då sjekka før dei let meg treffe deg her ved Veslevatnet?

– Nei, eg beklagar, men du er noko ikkje så interessant at du blir sjekka så veldig mykje. Vi hentar ikkje inn informasjon om folk utan at det er ein veldig god grunn til det.