Hopp til innhold

– Alle elskar ferja

HALHJEM-VÅGE (NRK): Av ein eller annan grunn er det alltid god stemning på Tysnes-ferja. Vi spurte folk om bord MF Selbjørnsfjord kvifor dei er så glade i å køyre ferje.

MF Selbjørnsfjord

TIL KAI: MF Selbjørnsfjord kjem til kai, og både bilistar, gåande og syklande gjer seg klare til å gå ombord.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Her er noko av svara vi fekk:

– Det beste med ferja er pølse i brød.

– Det beste med ferja er softis.

– Kanskje kjem det ein seglbåt forbi.

– Det beste er å vere ute på vatnet.

– Ferja er ein pause frå køyringa.

– Eg likar å vere ute i vinden.

– På ferja kan vi slappe av.

– Det er alltid noko å sjå på ferja.

– Eg hatar å bli sjøsjuk.

Der ser de. Alle elskar ferja.

Våge sett frå MF Selbjørnsfjord

Våge sett frå MF Selbjørnsfjord.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK
våge halhjem

Dette meiner NRK om Halhjem – Våge

Overfart og kaier: 6

Det er flott ut frå Våge. Og kaien er verkeleg triveleg. Her har du alt du treng av ein ferjekai.

Fartøy: 6

MF Selbjørnsfjord er ganske ny og fin. Den føl tradisjonen med salong på sida. Sidan den er ganske stor vert ikkje salongen så smal som på andre ferjer. Men ein bakdel med denne løysinga er at vinauga ligg så nær sjøen at sikten vert hindra av saltvatn.

Service og fasilitetar: 5

Ein av dei best utstyrte kafeteriaene i den hordalandske ferjefloraen. Særleg softisen er populær. Men det er nær konstant kø på toaletta om bord. Gode tilbod på kaiene, særleg på Våge.

Kiosken på MF Selbjørnsfjord

Kiosken på MF Selbjørnsfjord er godt utstyrt. Særleg softisen er populær.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nostalgi og oppleving: 5

Av FosenNamsos sine samband i Hordaland er det dette dei har greidd best. Det er interessante plakatar om segltradisjonane til Tysnes og seglarar som har gjort stor lukke i USA. Og så trekk vi fram skiltinga på Våge som gjer deg kjensla av tradisjon.

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks