Hopp til innhold

Rekordmange Astrup-verk skal under hammaren

Over 40 verk av Nikolai Astrup er lagt ut for sal. Blant desse er nokre av dei aller mest kjende verka.

Jonsokbåla til Nikolai Astrup i London

FRÅ 5000 TIL EIN MILLION: Vil du sikre deg eit verk av Jølster-kunstnaren, så kan du gjere det for mellom 5000 kroner og opp til ein million kroner.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er heilt unikt med så mange Astrup-verk for sal, noko som ikkje har skjedd før, seier Hans Richard Elgheim i Grev Wedels plass Auksjoner.

I to ulike auksjonar skal fleire av verka til Astrup under hammaren i mai. Elgheim trur totalverdien er nær 3 millionar kroner, men seier samstundes at prisen varierer frå verk til verk.

– Her kan ein få noko frå 5000 kroner og opp til ein million, så dette er noko for alle lommebøker. Eg trur bestemt at det vil bli stor konkurranse om dette.

Det er tre forskjellige eigarar som no sel unna Astrup-verk.

– Det er hovudsakleg familien til kunstnaren som legg ut ei stor samling for sal. Vi har også tatt inn verk frå to andre eigarar, seier Elgheim.

Også Blomqvist har tre Astrup-verk for sal.

Nyt godt av internasjonal merksemd

For Jølster-ordføraren er det gledeleg nytt at over 40 verk skal under hammaren.

– Eg har lært at for å halde oppe ei interesse for ein kunstnar, så er bilete i omløp viktig. I prosjektet for å løfte opp Astrup som ein internasjonal kunstnar, så er dette både spanande og heilt rett, seier Oddmund Klakegg (Sp).

Oddmund Klakegg foran Førde rådhus

VIL IKKJE KNUSE SPAREGRISEN: Jølster-ordførar, Oddmund Klakegg, seier det ikkje er aktuelt at Jølster kommune kjøper nokre av Astrup sine verk.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kunstverka til jølstringen har hatt store suksess langt forbi Jølster sine grenser i løpet av fjoråret. Astrup har lokka til seg kunstelskarar med utstilling i England og Tyskland.

– 2016 var eit godt år for kunstnaren vår med internasjonal eksponering. Det heile toppa seg med flotte ord frå Dronning Sonja, seier han.

Det er ikkje aktuelt for Jølster kommune å knuse sparegrisen for å sikre seg eit verk eller to, meiner ordføraren.

– Vi får låne ei komplett samling, så eg ser ikkje på det som nødvendig at vi som kommune skal gå inn for å kjøpe noko. Vi har heller ikkje budsjett for sånne kjøp.

Allereie stor interesse

Elgheim legg ikkje skjul på at Astrup sin europaturne kan vere medverkande til at rekordmange verk skal under hammaren.

– Det har vore ein sterk eksponering både heime og i utlandet, så det kan vere grunnen til at fleire verk no er til sals.

Blant verka er fargetresnittet «Vårnatt og seljekall» frå 1917. Det har ein verdivurdering på ein million kroner.

– Ein del samlarar har meldt seg allereie, så her er det stor interesse for fleire av Astrup sine verk.

Hans Richard Elgheim

VERT DET NY REKORD?: Hans Richard Elgheim i Grev Wedels plass Auksjoner trur det kan verte rift om «Vårnatt og seljekall».

Foto: Heiko Junge / Scanpix