Hopp til innhold

– Ado Arena har øydelagt delar av Bergen

Eit heilt område av Bergen sentrum er øydelagt på grunn av byens nye svømmehall, meiner fagfolk. Den internasjonale arkitektkonkurransen får skulda.

Amalie Skram videregående skole

ADO-ARENA: – Eg høyrde til dei som blei ganske forundra då eg skjønte kor stort det nye svømmeanlegget og skulen blei, seier byutviklingsbyråd Henning Warloe (H).

Foto: Hordaland fylkeskommune

I fjor opna det storstilte svømmeanlegget Ado-arena i Bergen. Anlegget, som ligg like ved Bergen brannstasjon, blei ikkje berre dyrare enn forventa, men også langt større. For stort, meiner mange.

– Det er for å seie det rett ut ei katastrofe. Ikkje berre for brannstasjonen, men for heile området her, seier arkitekt Stein Halvorsen.

Amalie Skram videregående skole

Prosjektet Helleren blei av juryen rangert som det beste forslaget over prosjektet Sydvesten.

Dale Oen

INSPIRASJON: Arenaen er kalla opp etter Aleksander Dale Oen.

Foto: DAVID GRAY / Reuters

Halvorsen teikna nabobygget Bergen brannstasjon, som er vurdert til fleire arkitektprisar. Han deltok også i konkurransen om den nye svømmehallen.

– Bygget sperrar for det fine landskapsrommet som pregar Bergen. Eg tykkjer dette området er øydelagt no, seier han.

LES OGSÅ: 100 amerikanske arkitekter skal inspireres i Norge

– Vanskeleg å redde området

Halvorsen får støtte frå Axel Sømme som er landskapsarkitekt med 36 års erfaring i Noreg. Han trur det vert vanskeleg å berge dette området av Bergen.

– Det set spelereglane for veldig mange andre, og eg trur det er veldig vanskeleg å gjere det bygget og den delen av byen god. Ein har ikkje tenkt samanheng når ein har bygd anlegget, og det er veldig leit, seier Sømme.

Eg blei ganske forundra då eg skjønte kor stort det blei.

Byråd Henning Warloe (H)

Dette var alternativa som kom lengst i arkitektkonkurransen:

Seks forslag konkurrerte om å bli Bergens nye svømmehall. Prosjektet Helleren og prosjektet Sydvest blei rangert som dei to beste, men Sydvest blei valt bort på grunn av «gjennomføringsevna sett under eitt».

LES OGSÅ: Vinneren heter «Helleren»

Eirik Glambek Bøe

KRITISK: Problemet er at arkitektane ofte sit heilt andre plassar enn i byane dei teiknar for, meiner arkitekturpsykolog Eirik Glambek Bøe.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK
Henning Warloe

Byutviklingsbyråd i Bergen, Henning Warloe (H).

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det var dåverande idrettsbyråd Henning Warloe (H) som bestilte svømmehallen. I dag er han byråd for byutvikling og har ansvar for å utvikle området svømmehallen ligg i.

Warloe er samd i at bygget blei vel stort, og syner til brannstasjonen like ved.

– Etter mitt skjønn speler ikkje desse to bygga saman. Eg høyrde til dei som blei ganske forundra då eg skjønte kor stort det nye svømmeanlegget og skulen blei, seier han.

– Juryen var einige

Juryformannen Helge Håvartun, som er eigedomssjef i Hordaland fylkeskommune, vil ikkje stille til intervju om saka. Han skriv i ein e-post til NRK at juryen hadde fleire arkitektutdanna medlem og var samrøystes om at prosjektet Helleren var det beste.

Han legg også til at sjølv om han var leiar av juryen, har han ikkje arkitekturfagleg bakgrunn.

Store bygg som er teikna utan omsyn til omgivnadane er ikkje spesielt for Bergen, men skjer over heile landet, ifølgje arkitekturpsykolog Eirik Glambek Bøe.

Årsaka er ei internasjonalisering av arkitektkonkurransar med byrå som sit heilt andre plassar enn i byane dei teiknar for, meiner han.

– Konkurransane er gjerne opne, og kontor frå alle deler av verda får delta. Då får ein ofte ei hovudvekt av arkitektar som ikkje har lokal forankring og lokalkjennskap, seier Bøe.

LES OGSÅ: Norske byggverk hylles for fremragende arkitektur