Hopp til innhold

– Å karde ull er nesten som å børste håret

BREMANGER (NRK): Lola (11) skal prøve å spinne garn for fyrste gong. På 1800-talet var det heilt naudsynt å kunne ulike handverksteknikkar for å overleve.

Lola Morgane Colliander og Eldbjørg Grotle

PRØVAR ROKKEN: Eldbjørg Grotle viser Lola Morgane Colliander (11) korleis ho skal spinne garn.

Foto: Magnus Helle / NRK

11 år gamle Lola Morgane Colliander går i sjetteklasse på Hauge skule i Bremanger. Ho skal prøve rokken for fyrste gong. Det viser seg å ikkje vere så lett.

– Det er vanskeleg, ler 11 år gamle Lola Colliander.

– Du må trø, og du må strekke ut slik, seier 89 år gamle Eldbjørg Grotle som viser korleis det skal gjerast.

Sjølv lærte ho seg å spinne garn då ho berre var seks år gamal.

– Det var vanleg den gongen. Vi hadde rokkane ståande på kjøkkenet, og blei tidleg lærte opp. Men eg blei aldri ein meister, ler ho.

Elevane på Hauge skule lærer gamle handverksteknikkar

VANSKELEG: Lola (11), synest det er vanskeleg. Det er lettare for 89 år gamle Eldbjørg som har spinna sidan ho var seks år.

Foto: Magnus Helle / NRK

Ei reise tilbake i tid

På kulturhuset Heimen i Bremanger er sjette- og sjuandeklassingane frå Hauge skule på ei reise tilbake til 1800-talet. Den gong var dei heilt avhengige av å kunne handverksteknikkar for å klare seg

– Me hadde ikkje noko val då eg var liten. Me kunne ikkje gå i butikken å kjøpe det me hadde bruk for, så då måtte me lage våre eigne klede, seier Grotle.

Forskjellane frå den gong til i dag er store. I dag er det få barn og unge som nyttar seg av dei gamle handverksteknikkane.

– No kjøper vi berre ting, så det var litt kjekt å lage noko sjølv og sjå korleis dei gjorde det i gamle dagar, seier Lola.

Reidun Øvrebotten lærer elevane om toving

VISER TOVING: Reidun Øvrebotten er leiar for Kulturhuset Heimen i Bremanger.

Foto: Magnus Helle / NRK

– Vi har gløymt å ta i bruk naturressursane

På dei ulike verkstadpostane lærer elevane blant anna om toving og veving. Leiaren for kulturhuset Heimen set stor pris på at damene frå Saniteten i Bremanger er med på å vise elevane dei gamle kunstane.

– Eg er oppteken av kulturformidling, og dei gamle handverksteknikkane er ein del av vår kultur, seier Reidun Øvrebotten.

Ho er glad for at dei unge får lært seg korleis dei skal ta i bruk ressursane dei har rundt seg. Det trur ho blir viktig i tida framover.

– Eg synest det er viktig å ta vare på naturressursane og bruke dei. Det trur eg vi har gløymt i dagens samfunn, fortel Øvrebotten.

Leiaren, som også er kunst- og handverkslærar for elevane på Hauge skule, meiner desse handverksteknikkane kan ha stor nytte for barna.

– Elevane kjenner på ei meistringskjensle. I tillegg så opnar dette dørene for å bruke lokale ressursar, og ikkje berre importere klede frå andre land. For det er miljøomsyn ein bør tenke på her også.

Etter fyrst å ha prøvd rokken får Lola også teste å karde ulla, og med god instruksjon får ho det til.

– Det her var enklare enn å spinne. Å karde ull er nesten som å børste håret, seier ho.