Hopp til innhold

95 prosent færre passasjerar i påska

Påskedagane er vanlegvis høgtid for transportverksemdene med mange reisande. Denne påska stuper trafikken for fly, -ferje-, buss- og togselskapa.

Togtur

NEDGANG I TRAFIKKEN: Færre reiser med tog, buss, fly og ferje denne påska.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Samanlikna med ei vanleg påske, så har vi redusert trafikken med 95 prosent.

Merethe Olsen er administrerande direktør for selskapet NOR-WAY Bussekspress. Selskapet har vanlegvis 14 ekspressbussruter og to millionar passasjerar årleg.

Sidan 16. mars har dei redusert rutetilbodet med om lag 90 prosent.

Tysdagen i påskeveka er vanlegvis den dagen selskapet har flest nettbesøk og mest sal.

I år er ikkje tysdagen normal – salet har gått ned med 95 prosent.

– Det er særdeles få ruter igjen, seier Olsen.

Merethe Olsen, plan og markedssjef

NEDGANG: NOR-WAY Bussekspress sel billettar og marknadsfører ruter for fleire busselskap. Dei etterlyser tiltakspakker på same måte som det tog- og flynæringa har fått.

Foto: Tom Andersen / NRK

Roleg på jernbana

Vy Gruppen AS ser også ein kraftig nedgang i tal reisande. Deira bussar og tog skulle i påska ha frakta folk heim, til hytta og på fjellet.

– Anslagsvis har vi 90 prosent nedgang, seier kommunikasjonssjef i VY, Åge-Christoffer Lundeby.

Ei rekke avgangar er innstilt. Til dømes køyrer dei svært lite tog på strekninga Oslo-Bergen samanlikna med ei normalpåske. Då ville dei ha sett opp ekstratog og hatt dobbelt så lange tog på enkelte avgangar.

– Vi vil jo helst at det skal vere restar av skismurning på hattehylla etter påska. Vi er stolte av å vere ein del av tradisjonen med å dra til fjells.

Lundeby seier dei er glade for at nordmenn tek del i dugnaden med å halde seg i ro, sjølv om det gjer at tog og bussar må stå.

– Vi har vore nøydde til å permittere og sende ut permitteringsvarsel. Det er tungt for dei tilsette og verksemda, seier Lundeby, som skryt av dei tilsette i ei vanskeleg tid for transportkonsernet.

Roleg langs kysten

På E39 Sandvik-Hjelmevåg går tungtransporten tilnærma som normalt, men personbiltrafikken er borte.

– Vi ser ein ganske stor nedgang på personbilar. Det er ein stor variasjon frå dag til dag, seier Fredrik Mo, driftssjef for ferjerutene på Vestlandet for Torghatten Nord.

Same reiarlag køyrer hurtigbåtane frå Bodø til Væran og Gildeskål. Tendensen der er den same, massiv nedgang.

– Vi har ein kraftig nedgang. I underkant av ti passasjerar på turane, enkelte turar har berre tre–fire passasjerar, seier driftssjef for hurtigbåtane, Lars Petter Sundbakk.

– Det er veldig uvanleg.

Nedgang for fly og ferje

Også ferjekonsernet Fjord1 ser nedgang i trafikken etter at folk vart oppfordra om halde seg heime i påska.

– Vi kjem nok ned på 50 prosent av eit vanleg år, seier Dagfinn Neteland som er administrerande direktør i Fjord1.

– Det er markant ned frå ein vanleg dag, truleg blir det lågare, seier regionleiar i Fjord1, Geir Vangen:

–Eg trur ikkje nokon må stå att på kaia denne påska.

Flytrafikken har stogga opp og det blir ei stille påske også på lufthamnene.

– Trafikken er ned mellom 90 og 95 prosent, så det er dramatiske tal, seier Gurli Høeg Ulverud, kommunikasjonssjef i Avinor.

Gurli Høeg ulverud i Avinor.

STILLE PÅ FLYPLASSANE: – Det er ein spesiell situasjon og ganske trist for oss som er vant med at påska er høgsesong med veldig mange besøkande, seier Gurli Høeg Ulverud, kommunikasjonssjef i Avinor.

Foto: Avinor