Hopp til innhold

90 prosent færre blåbær enn for to år sidan: – Ein viktig art

Fleire stadar i landet er det svært lite blåbær i år. Forsking frå Høgskulen i Vestlandet viser ein reduksjon på 90 prosent sidan toppåret 2017.

Stein Joar Hegland

ØKOLOG: Stein Joar Heggland og dei andre økologane frå Høgskulen på Vestlandet har forska på blåbær i fleire år.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Økologar ved Høgskulen på Vestlandet si avdeling i Sogndal har i fleire år forska på blåbær. Ein av dei er Stein Joar Heggland, som seier det er eit kjent fenomen at det er svingingar i naturen.

– Men det er veldig lite blåbær i år i forhold til det ein kan forvente. Eg bur i Kaupanger, som kanskje er eit av dei beste områda, og har plukka blåbær så lenge eg har gått på føtene. Det er sjeldan eg har sett eit så dårleg år som i år, seier han.

– Det var ikkje eit toppår i fjor heller, men i år gjekk det veldig langt ned. Det såg bra ut, med tidleg blomstring, men så kom nattefrosten.

Klimaendringane skapar utfordringar

Nattefrosten førte til frostskadar på blomstrane, og fleire er brune og visna. Ifølgje Heggland skapar klimaendringane utfordringar for blåbæra.

– Det blir kortare vinter og mindre snø. Snøen er viktig for å beskytte plantane og viss våren startar tidlegare er dette med frostskade på blomster eit aukande problem.

Heggland trur likevel ikkje det er sannsynleg at alle bæra skal forsvinne med det første.

– Plantane produserer ekstreme mengder bær når det er gode år. Det er difor dei er viktige både for folk, fuglar og dyr. Det vil alltid finnast blåbær, men det kan bli mindre ressursar.

Blåbær, pleksiglas

PLEKSIGLAS: Som ein del av forskinga har Heggland og dei andre økologane «bura inne» bær i pleksiglas.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Påverkar dyr og insekt

At det vert mindre blåbær kan ifølgje Heggland få konsekvensar for både dyr og insekt.

– Blåbær er ei viktig art fordi han er talrik. Den er viktig for insekt som pollinerer, og plantane er mat for mellom anna hjorten og sommarfuglarvar. Så kjem bæra på hausten og dei er viktige for fuglane og andre organismar, seier Hegland, og legg til:

– Viss dei ikkje får nok mat kan det bety reduksjon i populasjonane. Ein får det som kallast kaskadeeffektar – noko skjer med plantane og så påverkar det dyr og insekt.

Vanskeleg å spå

I toppår har forskarane sett i gjennomsnitt 150 bær per kvadratmeter i områda dei har undersøkt. I år er det under 30, og nokre stadar ned mot 20.

– Det er lokale forskjellar, og flekkevis er det bra med blåbær, men ein kan ikkje forvente å plukke store mengder blåbær på kort tid, seier Heggland.

Heggland seier det er vanskeleg å spå kor mykje bær det vil vere i framtida, og at dei må følgje utviklinga over fleire år for å få eit klart svar.

– Men viss vi skal spekulere litt så tenkjer eg at vi kan få reduksjon i lågareliggande område, medan ein kanskje får betre produksjon i fjellet. På fjellet veit ein at det varierer veldig frå år til år. Viss det varmare klima kan det hende at det berre er kvar vi finn bæra som forandrar seg.