Hopp til innhold

88-åring trenar kvar dag: – Det gir meg energi

Ho er blind på det eine auga, har hatt slag og vore gjennom fleire operasjonar. Men Ragnhild Hanstvedt (88) er så glad i å trena at ho gjer det kvar einaste dag.

Ho trekkjer pusten djupt og ser konsentrert mot høgdehopp-stativet. Med raske og bestemte steg spring ho mot lista, og kastar seg over.

– Du må ta satsa på riktig fot og du må satsa riktig. Det er ikkje sjølvsagt å få til for ein 88-åring, seier Ragnhild Hanstvedt med eit smil.

Vi er på idrettsbanen i Fotlandsvåg på Osterøy, der ho både spring og driv med ulike kastøvingar, i tillegg til høgdehopp. Dei dagane ho ikkje trenar ute, gjer ho øvingar heime.

– Det gir meg energi. Eg blir lysten på å gjera meir, ha det gøy og bli betre.

Erfaren veteran-utøvar

Det er kanskje ikkje lurt for utrente 88-åringar å prøva seg på høgdehopp. Men Ragnhild er på ingen måte utrent. Ho har drive med friidrett i fleire tiår, og har representert Noreg i veteranmeisterskap over heile verda. Sjukamp har vore ein favoritt.

Heime i huset sitt i Fotlandsvåg har ho medaljar og pokalar over alt, til og med i boden.

– Denne er frå Australia. Då fekk eg bronse i VM i sjukamp. Den er no litt stas, seier ho stolt.

Lokalavisa Bygdanytt har tidlegare omtalt den spreke ostringen.

Ragnhild Hanstvedt

FRIIDRETT: Ragnhild Hanstvedt har blant anna drive med sjukamp, og har representert Noreg i mange internasjonale meisterskap over heile verda.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Mange eldre trenar aldri

Sjølv om fleire gjer som Ragnhild, og trenar når dei passerer pensjonsalderen, er det mange i den aldersgruppa som ikkje trenar i det heile tatt.

Ifølgje Levekårsundesøkinga som Statistisk sentralbyrå (SSB) gjorde i 2021, er det 18,8 prosent over 67 år som seier at dei aldri trenar. Det er det same som nesten kvar femte person.

Den same undersøkinga fortel at 22,6 prosent i same aldersgruppe trenar berre ein gang i veka eller sjeldnare.

Til saman er det altså om lag fire av ti eldre som trenar ganske sjeldan eller aldri.

Ragnhild Hanstvedt

FULL FART: Ragnhild er rask i steget, trass i at ho er blitt 88 år.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Begynn sjølv om du er 90

Trenar og føredragshaldar Yngvar Andersen, blant anna kjend frå NRK-serien Puls, seier dei eldre har blitt flinkare til å trena med åra.

Han er imponert over Ragnhild Hanstvedt og andre som trenar sjølv om alder og andre forhold gjer det til ei litt større utfordring.

– Eg har jo jobba mykje med eldre, og har inntrykk av at dei trenar meir enn før. Eg trur mange eldre er blitt meir bevisste på effekten av trening. Eg håpar at det er ein trend som vil fortsetja, seier Andersen.

Likevel meiner han mange fleire burde ta på seg joggeskoa og koma seg ut, eller trena på andre måtar. Og han understrekar at det aldri er for seint.

– Om du så er 90 år og ikkje har vore aktiv på lenge, så er framgangen formidabel. Forskinga er heilt klar på det. Du har like stor framgang som ein 20-åring når du set i gang, seier treningseksperten.

Yngvar Andersen trener fra sofaen

TRENINGSEKSPERT: Yngvar Andersen meiner alle eldre vil få betre livskvalitet ved å trena.

Foto: Karina Kaupang Jørgensenn / NRK

– Bidrar til det gode liv

Yngvar Andersen presiserer at trening ikkje kurerer sjukdomar i seg sjølv, men fører til at ein motverkar den naturlege aldringsprosessen og har det litt betre her og no.

– Gevinsten av trening er formidabel. Med betre fysisk form kan ein i større grad greia seg sjølv. Det er mykje i livet som krev ein viss fysisk styrke, til dømes husarbeid og å koma seg ut på reiser. Så moglegheitene til å leva det gode liv aukar med betre form, seier Andersen.

Ragnhild Hansvedt

TRENINGSGLAD: På idrettsbanen i Fotlandsvåg er Ragnhild i sitt ess. Her trenar ho både kast, høgdehopp og springing.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Vil trena så lenge som mogleg

På Osterøy satsar 88-åringen Ragnhild Hanstvedt på at ho kan halda fram med å trena ei god stund framover.

– Så lenge som helsa held. Det rår ikkje eg med. Men eg kan gjera mitt til å ha ei betre helse.

– Så lenge som mogleg då?

– Så lenge som mogleg, ja. Det er jo gøy å halda på med dette her.

Les også 87-åring trenar for å knuse eigen verdsrekord i Ironman

Hiromu Inada, redord holder of the oldest person to complete an Ironman World Championship, works out on his bike in Chiba, Japan