Hopp til innhold

80 meter flodbølgje av skred

Fjellskred i Aurland kan skape 80 meter høg flødbølgje.

Sprekker i fjellet Stampa i Aurland.

Sprekker i fjellet Stampa i Aurland.

Foto: Aurland kommune.

Det syner ei fersk undersøkjing som vart presentert på eit folkemøte torsdag kveld.

Skred kan gje 80 meter flodbølgje

Ekteparet Arne og Liv Edel Sunde meiner det er skremmande å tenkje på blodbølgja. Dei var på folkemøte i går.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Uroa over faren

- Det er skremmande, fordi det vil bety at ein vil utradere mesteparten av Aurlandsbygda, bortsett frå det som ligg høgt oppe i fjellsida, seier Arne Sunde som bur langs Aurlandsfjorden.


Saman med kona Liv Edel Sunde hadde han møtt opp på folkemøtet for å få svar på kor store flodbølgjer det kan bli i Aurlandsfjorden dersom fjellet rasar ut.

Flåm mest utsett

Skred kan gje 80 meter flodbølgje

Mange møtte på folkemøte for å få informasjon om flodbølgja.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Eit enormt fjellparti langs Flåmsdalen er i rørsle mot fjorden. Sylfest Glimsdal i Norges Geotekniske Institutt har undersøkt tre skredscenario.

Det minste skredet vil berre gjere mindre skade. Men dersom 40 millionar kubikk rasar ut, kan flodbølga bli mellom 40 og 80 meter høg. Flåm, som ligg innerst i Aurlandsfjorden, er mest utsett.

- Då vil bølgjene skylje innover sentrum og inn i dalen, og det vil råke stader som ligg 60-70 meter høgt, seier Glimsdal.

Skred kan gje 80 meter høg flodbølgje

Sylfest Glimsdal

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Dommedag

Liv Edel Sunde bur like ved fjorden, og har vanskeleg for å forestille seg omfanget av ei slik flodbølgje.

- Nei, det er ikkje mogleg å førestille seg. Det er dommedag det.

- Kjenner du deg utrygg?

- Nei, ikkje i det daglege, seier ho.

Vil stabilisere

Faren for at fjellet skal raset ut er ikkje akutt. Men for at folk langs Aurlandsfjorden skal bu trygt i framtida, vil kommunen drenere vekk vatn og på den måten stabilisere fjellsida.

Arne Sunde kjenner seg trygg, sjølv om han bur i dette området.

- Eg føler ikkje eg bur utrygt, for eg kan ikkje tenkje på det heile tida. Men eg har det i bakhovudet, og ein vert minna på at ein bur i eit rasutsett område, seier Sunde.

-