Hopp til innhold

7700 utan straum i Sogn og Fjordane

Tusenvis av straumkundar er seint fredag kveld utan straum. Mange må vente til over natta før det igjen er straum i leidningane.

Straumlaust

MØRK KVELD: Mange har måtte ty andre ting enn straum for å ha lys.

Foto: NRK.no-tipsar

– Det har vore eit heftig uvêr med orkan og mykje saltdriv. Salt og høgspentlinjer er ein kombinasjon. Til saman er 7700 abonnentar utan straum, opplyser nettsjef Asgeir Aase i Sogn og Fjordane Energiverk.

10.000 på det meste

Asgeir Aase

KAN IKKJE LOVE: – Håpet er at dei fleste får straumen att i løpet av laurdag, seier Asgeir Aase i SFE.

Foto: Johan Moen / NRK

Han uttaler seg på vegner av alle kraftselskapa i Sogn og Fjordane, og seier problema fordelar seg på svært mange kommunar. Både på kysten og inn i fjordane er folk straumlause.

– Men kysten er nok hardast råka, og då for det meste område nord i fylket.

På det meste har om lag 10.000 abonnentar vore utan straum som følgje av ekstremvêret «Tor» sine herjingar.

Feilrettinga tek tid

– Når kan ein rekne med at straumen er tilbake?

– Det er vanskeleg å seie. Det er ganske omfattande feil rundt om kring. Det var mørkt når uvêret verkeleg tok laust og det er nok ein del trevelt. Håper er å få gjort ein del i kveld, men det meste vil skje i morgon i høve til å få ut alt av mannskap.

Dermed må mange bu seg på å vakne utan liv i leidningane. For nokre kan det i verste fall også bli søndag før ein får kunstig lys i stova.

– Håpet må vere at vi får på plass så å seie alt i løpet av laurdag, men det er svært vanskeleg å skulle garantere for dette no, seier Aase fredag kveld.

Desse områda er utan straum:

Sunnfjord Energi:

Samla 630 kundar i Fjaler/Hyllestad/Høyanger. Usikker gjenoppretting; ein heil del truleg til i morgon.

Årdal Energi/Årdal kommune:

25 kundar ute kl. 21.00 (3.500 har vore berørt tidlegare)

Lærdal energi/Lærdal:

Svært få kundar ute, venta inn att før kl. 22.00

Aurland energi/Aurland:

50 kundar ute, venta inn att etter 3-4t

Stryn Energi/Stryn kommune:

105 kundar ute, fleste til i morgon. Hovudområde Lodalen/Tistam

Luster energi/Luster kommune:

400 kundar ute, område mellom Gaupne/Luster. Feilretting går føre seg, enkelte kjem inn att.

Hornindal (forsynt av Mørenett):

100 kundar ute no område Gausemel mot skisenter (heile har vore ute)

Sognekraft:

Ca 1400 kundar ute i kommunane Vik: 600 i områda Fresvik, Frønningen, Arnafjord: Sogndal 640; Balestrand 150

SFE:

Ca 4900 kundar ute i kommunane

Askvoll: Samla 750 kundar Øyane

Florø: Samla 1230 delt på Øygarden nord (300), Eikefjord (30), Kvalvik (50), Grov-Nedre Markevatn (850)

Bremanger: Samla 1175 delt på Sørbotten/Kjelkenes (200), Langeneset-bossovnen (15), Svarstad-ytre Grotle–Ryland og Rugsund Åskåra samla 960

Selje: Samla 1000 (Eldevik, Flatraket, litt av Selje, Stadtlandet

Vågsøy: Samla ca. 500 fordelt på Gangsøy/Husevåg (89), Bvik/Røysa 362, Silda 73, Totland/Hsevåg 69

Eid: Samla 263 i område Haus, Lefdal, Stårheim, Krokane/Lølkaneset,….

Gloppen: 10 kundar/Rønnekleiv