– Eg er overraska og stolt over at så mange stod langs vegen for å sjå i det dårleg veret som var i dag, seier Camilla. N. Andersen.
Ho er leiar i lastebilklubben med det litt suspekte namnet Bergens Mafiaen, som arrangerte dagens kortesje.
Bilane hadde flagg og banner med optimistiske slagord som «Alt blir bra» og «Sammen på avstand».
77 lastebilar deltok
På førehand sa klubben at det var venta om lag 50 lastebilar, men deltakinga gjekk over all forventning.
– Sist eg talde opp, så var det 77 bilar. Til og med brannvesenet på Askøy møtte oss på Askøybrua og blei med på siste etappe, seier Andersen.
Bilane starta frå Kokstad klokka 13, og køyrde forbi Lagunen og Nesttun mot Haukeland sjukehus. Etter ein sving ned til Danmarksplass, gjekk turen via Straumevegen og Vestkanten før dei enda opp på Storebotn Næringspark på Askøy.
Dei hadde snakka med Barneklinikken på Haukeland på førehand, og fleire barn stod i vindaugo og såg på kortesjen som passerte nedover Ibsensgate.
– Vi har også oppfordra alle deltakarane til å gje ei gåve på 100 kroner til Barneklinikken, seier leiaren for kortesjen.
– Mange store smil
Mange tilskodarar sat i bilane sine langs vegen, og lastebilsjåførane tuta og brukte blinkande lys for å helsa på dei.
– Eg håpar vi fekk laga mange stor smil hjå dei som såg på oss, frå husa sine eller langs vegen. Det var veldig kjekt, seier Andersen.
Lastebilsjåfør Torgeir Sture fortel at ideen kom då han heilt tilfeldig såg ein video på sosiale medium.
– Frå ideen blei lansert har det berre gått ein veg. Det har vore mykje tommel opp. Eg hadde ikkje trudd at dette skulle bli så stort, seier Sture.
Etter at alle lastebilane hadde kome fram og parkert på Askøy, samla dei seg for ein felles applaus for Noreg. Med god avstand i mellom seg, sjølvsagt.
– Vi takkar alle som stilte opp for at dette skulle bli gjennomførbart, seier Camilla N. Andersen.