Hopp til innhold

7500 høner var utan vatn: – Det var kritisk

HYEN (NRK): Då uvêret råka i førre veke var ekteparet Bjørn Petter og Solfrid Rygg berre timar ifrå å måtte avlive 7500 høner som var utan reint drikkevatn.

Bjørn Petter og Solfrid Rygg

RÅKA AV NATURKREFTER: Bjørn Petter Rygg og Solfrid Utheim Rygg fekk store skadar på garden i Ommedal i Hyen.

Foto: Marita Solheim / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det var ein kritisk situasjon for oss. Vi måtte nok starta å avlive høner kanskje allereie dagen etterpå, fortel Bjørn Petter.

Familien Rygg driv økologisk hønsegard med 7500 høner på garden Støylen i Ommedal. Hønene drikk to desiliter vatn kvar dag. Garden er derfor avhengig av 1500 liter vatn dagleg. Då uvêret herja mista gardsbruket vasstilførselen.

Høner i Hyen

VASSLAUSE HØNER: – Hønene må ha to desiliter vatn kvar dag, fortel eigarane.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Ommedal var ei av bygdene som var heilt avskorne frå resten av Gloppen då uvêret herja.

– Eg var på støylen og mjølka kyr då uvêret kom. Då la eg merke til at elva var veldig stor og brun, fortel Solfrid.

Ho skunda seg ned att på garden. Der sto fleire naboar samla.

Folk var i sjokk og urolege for at nokon på garden var tekne av vassmassane. Vi fekk alle kjenne naturkreftene på nært hald. Det var heilt uverkeleg. Eg hadde ikkje drøymt om at noko slikt skulle skje, seier Solfrid.

Ho skjønte fort at dei kom til å miste vatnet, så ho begynte å uroe seg for hønene. Bjørn Petter var ikkje heime, men han fekk prata med fleire av innbyggjarane i Ommedal så lenge det var mobildekning i bygda.

– Eg skjønte at folk var redde. Det viktigaste var at menneska var trygge. Etterpå tenkte eg på hønene. Dei måtte få vatn fort, men det blei ei utfordring sidan vi ikkje hadde tilgang på reint vatn.

Nabo vart redninga for vasslause høner

Hønene vart redda av vatn frå naboen, men det gamle hønsehuset stod ikkje til å redde. Steinane kom som prosjektil med vassmassane og knuste reiskapshuset på garden.

– Vassforsyninga var i den gamle delen av reiskapshuset. Det var den største krisa. Vi fekk heldigvis kopla oss på ei reserveløysing frå ein nabo med ein gammal bekk. Det var so vidt det gjekk bra, hevdar han.

Bjørn Petter og Solfrid Rygg

STORE ØYDELEGGINGAR: Reiskapshuset, som tidlegare var hønene sin heim, blei knust av dei store massane som kom med elva.

Foto: Marita Solheim / NRK

No må bøndene prioritere å få på plass ei ny vasskjelde på garden.

– Vi har knapt nok vatn til å dusje, seier Solfrid.

Men det var ikkje berre vassmangel som kunne ha teke livet av hønene. Elva som fløymde over kom farleg nær hønsehuset like ovanfor huset til familien Rygg.

– Det ligg ein voll med litt lausmasse fem meter ifrå hjørnet på uteområdet til hønene. Elva var ikkje så langt ifrå å treffe hønsehuset, ifølge Solfrid.

– Utfordrande å oppretthalde gardsdrifta

Eit omfattande oppryddingsarbeid er i gong på garden. Ei gravemaskin held på å rydde vekk det øydelagde reiskapshuset då NRK er på besøk. Dei første dagane etter uvêret handla det først og fremst om å få rydda elva og reparert vegen opp til hønsehuset.

– Saman med naboar starta vi å rydde i elva. Det var mykje som ikkje høyrer heime i eit vassdrag. Mellom anna plastdelar, sprayflasker, oljekanner og rundballar, seier Solfrid.

Traktoren sto i reiskapshuset som blei smadra av stein. Det har vore ei utfordring å få gardsdrifta til å halde fram som normalt.

– Det viktigaste no er at vi klarer å oppretthalde drifta på hønsehuset, og det ser ut som at det går fint, fortel Bjørn Petter.

Høner i Hyen

REDDA I SISTE LITEN: Hønene vart redda av ein nabo som hadde vatn frå ein bekk.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Føler de dykk trygge på garden no?

– Eg trur vi er trygge her. Vi var i tvil dei første dagane etter flaumen. No er vassdraget så reinska for stein og lausmasse at det skal alvorleg mykje regn til før det kan skje igjen, meiner Solfrid.