Hopp til innhold

7-åring sat 20 minutt åleine i buss

Sjuåringen som var sakna i fleire timar torsdag, sat 20 minutt åleine i ein av Tide sine parkerte bussar før han blei funnen. Det opplyser Tide til NRK. Bussen hadde ikkje vore i Loddefjord, der guten var sakna frå. – Vi veit ikkje kor han kom på, eller kor lenge han var på busstur, seier kommunikasjonsdirektør i Tide, Marianne Frønsdal. Dei følgjer opp internt at guten ikkje blei oppdaga då bussen parkerte.