Hopp til innhold

68 nye smitta - forlengjer koronatiltak i Bergen med to veker

Fire har døydd og 327 er smitta med korona i Bergen den siste veka. No blir dei lokale tiltaka forlenga i minst to veker.

Roger Valhammer

Dei strenge koronatiltaka i Bergen og nabokommunane blir forlenga i ytterlegare to veker.

Det stadfestar byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) på ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

Han varslar at det kan bli aktuelt å gjere justeringar i enkelttiltak.

– Om tiltak skal justerast, får vi vurdera, men folk må innstilla seg på strenge restriksjonar i to veker til, seier Valhammer.

– Framleis kritisk

Det siste døgnet er det meldt om 68 nye koronatilfelle i Bergen.

Medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen seier ein no kan slå fast at den sterke stigninga har flata ut, men at ein framleis ikkje kan sjå ein sikker nedgang i talet på smitta.

– Vi er framleis i ein kritisk situasjon der det er grunn til å halda på strenge restriksjonar. Slepper vi opp no, kan vi igjen få ein rask stigning, seier Hansen.

Sidan i går har to nye bebuarar ved Bergen Røde Kors sjukeheim testa positivt. Totalt 23 bebuarar på sjukeheimane i Bergen er no smitta.

Nabokommunar følger truleg etter

Ordførarane i nabokommunane Alver, Askøy og Øygarden seier alle til NRK at det går mot forlenging av tiltak i to veker også der.

– Vi vil bruke helga på å vurdere enkelttiltak, men skal ha kommunestyremøte måndag der det blir avgjort kva vi held fram med, seier Alver-ordførar Sara Sekkingstad (Sp) til NRK.

Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) seier at også dei vil gjere ein endeleg vurdering over helga.

– Det har ein eigenverdi at vi samhandlar og ser på dette som eit felles prosjekt, seier Indrevik.

Askøy-ordførar Siv Høgtun (H) seier det mest sannsynleg blir ei forlenging, men at den endelige beslutninga blir tatt etter møte i kommunal kriseleiing på måndag.

Bjørnafjorden kommune skriv i ei pressemelding at tiltaka truleg blir forlenga.

– Først etter at forskrifta er ferdig måndag, og lagt fram for kommunestyret måndag kveld, veit vi om det vil bli mindre endringar. Men i utgangspunktet må folk førebu seg på at dei same reglane vil gjelde fram til og med 7. desember, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).

Samnanger kommune kjem også truleg til å følgja den store nabokommunen Bergen.

– Her i Samnanger følgjer vi tett det som skjer i Bergen. Det er ganske sannsynleg at vi kjem til å forlenga perioden viss Bergen gjer det, seier Knut Harald Frøland (Bygdalista).

Samnanger har hatt eit unntak frå dei felles reglane for dei åtte kommunane i bergensområdet. Her kan ti personar vera samla i private heimar, i motsetnad til fem personar som gjeld i dei andre kommunane.

Osterøy kommune har hatt eit ekstraordninært kommunestyremøte i ettermiddag.

– Det er eit tydeleg ønskje frå kommunestyret at vi i hovudsak følgjer Bergen, seier ordførar Lars Fjeldstad i Osterøy.

Kommunestyret vedtok å forlenga forskrifta med to dagar, til komande onsdag. Då skal formannskapet ha møte, og dei har fått fullmakt til å avgjera om Osterøy forlengar koronatiltaka like lenge som Bergen.

Sara Sekkingstad

KAN BLI FORLENGA: Alver-ordførar seier innbyggjarane må førebu seg på at koronatiltaka blir forlenga også der. Avgjerda kjem på måndag.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Omstridd regel

Sidan 5. november har bergensarar og innbyggjarane i sju nabokommunar levd under strenge koronatiltak.

Treningssenter har vorte stengt og munnbind har vore påbode der ein ikkje greier å halda meir enn ein meter avstand i offentlegheita.

Eit av dei mest omdiskuterte tiltaka er likevel regelen om at det ikkje er lov til å samla meir enn fem personar i privat regi.

Også denne regelen blir forlenga, samstundes som byrådsleiaren varslar at byrådet vil kome tilbake med ein konklusjon rundt moglege justeringar på måndag.

Trur smitten vil auka om ein slepp opp

Tiltaka Bergen kommune innførte fyrste veka i november har likevel fungert. Kommunen sine prognosar syner at R-talet sokk frå 1,6 i veke 45 til 1,1 i veke 46.

– Det ser jo ut som om me har fått ei utflating i talet smitta. Den eksponentielle auken som me såg starten på er stoppa, men det er for tidleg å seia at det er ein byrjande nedgang i smittetal, seier Hansen.

Torsdag var det 59 personar som hadde fekk påvist covid-19 i Bergen. Måndag var talet 93. 21 bebuarar på sjukeheimar i Bergen hadde torsdag fått påvist covid-19.

Men i går hadde likevel alle dei smitta kjend smitteveg.

– Det er viktig. Det er ikkje berre totaltala som har betydning. Viss talet med ukjent smitteveg er høgt, er det ei ulempe, seier Hansen.

Medisinsk fagsjef i Bergen kommune, Trond Egil Hansen

HAR FUNGERT: Trond Egil Hansen, medisinsk fagsjef i Bergen, meiner tiltaka har fungert. Det er likevel for tidleg å seia om smitten er på veg ned.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Fire koronadødsfall sist veke

Den siste veka har fire personar med covid-19 døydd i Bergen.

Måndag døydde ein bebuar på Løvåsen sjukeheim. Torsdag døydde ein bebuar på Røde Kors sjukeheim og ein eldre pasient på Haukeland universitetssjukehus.

Onsdag døydde det fyrste barnet i Noreg med koronarelatert sjukdom på Haukeland.

Fredag er elleve pasientar innlagd med covid-19 innlagd på Haukeland. To av dei får intensivbehandling. To pasientar er også lagt inn på Haraldsplass Diakonale sykehus.