Hopp til innhold

67 personar vart evakuerte frå Hardangervidda

Folk i 19 personbilar og ein lastebil vart evakuerte frå Hardangervidda etter eit trafikkuhell som førte til stans i ein kolonne.

Rv. 7 Hardangervidda - Haugastøl

UVÊR: Hardangervidda er no stengt. Her ved Haugastøl bom.

Foto: Anders Nøkling / NRK

SISTE: Like før klokka 15 skal alle vera kommen ned fra fjellet. To bilar blir ståande igjen i fjellet. Dei blir ifølgje politiet berga seinare.

I alt 67 personar blir evakuerte ut frå fjellet på rv. 7 Hardangervidda. Ein kollisjon mellom to bilar på vidda førte til stansen.

– Det er dårleg vêr og det har vore eit mindre trafikkuhell. Fleire bilar har òg fått stans grunna snø, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

– Det er ikkje noko dramatikk. Brøytemannskapa grev ut bilane som står fast i snøen og får dei tilbake til Maurset, seier han.

Riksveg 7 Hardangervidda er no stengt for alle køyretøy.

– Sikta er lik null

– Det går ganske greitt. Vi rører oss sakte, men sikkert framover, seier Siv Elise Seland.

Ho sit i kolonnen saman med mann og tre barn.

– Uhellet skjedde fire-seks bilar føre oss trur eg, og dei to bilane som var involverte køyrde vi omsider forbi.

Seland fortel at sikta framleis er svært dårleg.

– Sikta er lik null. I tillegg er det mange stopp heile tida, og lite informasjon å få her oppe på fjellet. Men eg har forståing for at mannskapet her har det travelt nok med å få oss ned.

Kolonne rv. 7 HARDANGERVIDDA

DÅRLEG SIKT: Siv Elise Seland sit i kolonnen saman med mann og tre barn.

Foto: Siv Elise Seland

To bilar kolliderte

Trafikkoperatør Eirik Rystad Skånøy i Vegvesenet seier dei har sett i gang tiltak for evakuering av 20 køyretøy.

– Brøytemannskapa tar med seg bilane nedover, i tillegg er det to bilar som skal bergast. Vi set i verk vi rutinar frå beredskapsplanane med tanke på tryggleiken til dei som er på fjellet, seier Skånøy.

Han legg til at entreprenørane på fjellet og brøytemannskapa har hatt kontroll på situasjonen heile tida.

Kolonnen som ikkje kjem seg over fjellet blir no leia tilbake til Maurset. Det er ikkje meld om personskadar.

Samlar saman frivillige

– For sikkerheits skuld samlar vi saman frivillige ressursar og har utstyr til å kunna få folk ut av bilane og la bilane stå igjen på vidda. Men dette er det verst tenkelege scenarioet. Det ser ikkje slik ut førebels, seier Magnussen.

Laster Twitter-innhold