66 studentar tekne for KI-fusk
Tal studentar som blir felte for KI-fusk har skote i vêret siste året. Det viser ei undersøking Khrono har gjort.
Medan tre personar var tekne i august i fjor, viser same oppteljing i år 66 studentar. 56 av desse vart utestengde frå studiane.
Det er store variasjonar frå lærestad til lærestad. Universitetet i Sørøst-Noreg felte flest, med 13. Høgskulen på Vestlandet har nesten like mange studentar, men felte ingen.