– Dei treng noko positivt. Noko som kan vera så stort som dette, for det er veldig mange flyktningar i Bergen og alltid avgrensa med plass på arrangement, seier Lena Gjelsvik, nestleiar i Den ukrainske foreininga i Bergen og Hordaland.
På eit møte i Lions-klubben i Bergen tidlegare i vår, rekte ein medlem opp handa. Klubben hadde sendt pengar til Ukraina, men han ønskte å gjera noko for ukrainarane som var komne til Noreg.
President i Lions-klubben, Ola Martin Rongved, kontakta Gjelsvik og spurte kva dei kunne tenkja seg.
Ho ønskte seg ein blåtur.
Nestleiar i Den ukrainske foreininga i Bergen og Hordaland, Lena Gjelsvik.
Foto: Stian Sørum Røkenes– Problemet er at dei sit på eit hotellrom i byen i veke etter veke. Hovudhensikta i dag er å få frisk luft og å få lov til å springa litt, seier Rongved.
Då Gjelsvik fortalde kor mange dei var, vart han stille.
– Ho sa 600. Det er dimensjonar som er vanskelege å gapa over.
Men med vêret på si side og godt samarbeid med andre foreiningar, næringsliv og frivillige, fekk dei til turen.
– Ti smekkfulle bussar er på veg, sa Rongved like før arrangementet skulle starta.
President i Lions Club i Bergen, Ola Martin Rongved.
Foto: Stian Sørum Røkenes– Slike arrangement hjelper
Stepaniya Soltys kom til Noreg i midten av mars. Med seg hadde ho borna Yurii (13) og Antonina (15). Dei hadde flykta frå ein by like ved Lviv, over grensa til Polen.
Antonina, Stepaniya og Yurii sette pris på dagen.
Foto: Stian Sørum RøkenesSjølve reisa gjekk greitt. Men situasjonen var vanskeleg.
– Når du forstår at du må ta med ungane dine og forlata heimen din, livet ditt og alt du elskar. Det var vanskeleg.
Soltys skildrar ei konstant vond kjensle i brystet.
– Du høyrer dårleg nytt om landet ditt heile tida, men mange dagar føler me på kjærleiken her i Noreg. Eg er glad for å vera her.
Ho fortel at sjølv om mykje er tungt og vanskeleg, så hjelper det med slike arrangement.
– Det er mange fine ting som blir gjort for oss. Folk er snille, og det hjelper. Me får til å nyta slike dagar som i dag.
Ein gladdag
På Alvøen skole i Bergen vart det servert mat: laks, pølser, pizza, hamburgar, vaflar, bakevarer og frukt og grønt.
– Eg ser at laksen og vaflane er populære, seier Gjelsvik.
Det var ein variert meny på Alvøen skole.
Foto: Stian Sørum RøkenesI tillegg kunne arrangementet by på ukrainsk song og dans, og ikkje minst: leik og moro.
– Ungane skal ha ein gladdag, seier Rongved.
Det var ikkje vanskeleg å rekruttera deltakarar til arrangementet.
– Den Ukrainske foreininga har fungert litt som eit bindeledd mellom flyktningane, kommunen og alle dei frivillige organisasjonane, forklarer Gjelsvik. Med hyppige oppdateringar, mellom anna på Facebook, var det ikkje vanskeleg å få deltakarar til utflukta.