Dei reknar med at ein arbeidsplass i industrien skaper totalt fire arbeidsplassar i heile lokalsamfunnet.
Statens Forureiningstilsyn har gitt klar beskjed for lenge sidan: I 2007 skal både C-hallen i Høyanger og Å3 i Årdal stengast. I Høyanger har dei rekna ut at det umiddelbart vil kosta 150 Hydro-tilsette jobben. Dramatisk nok i seg sjølv, men når Hydro reknar på ringverknadene gangar dei dette talet med fire – fordi industriarbeidsplassane held andre i arbeid – både i det offentlege og gjennom handel med varer og tenester.
Skremd
Bjørn Furseth som er plassjef for Hydro i Høyanger, seier han er skremd over tala som blei presentert i avisa Ytre Sogn i dag. – Dersom utrekninga er rett, er dramatisk for eit samfunn som Høyanger, seier Furuseth.
Tala kunne kanskje vore eit godt instrument i kampen for å få oppgradert dei gamle søderberghallane før 2007 slik at i alle fall ein god del av arbeidsplassane blir sikra. Men per i dag seier Furseth at det ikkje er nokon kamp.
Utrekninga dei har gjort er ein del av eit større prosjekt Hydro jobbar med for å kartlegge kva som vil skje om alle søderberghallane blir fasa ut. Det skal sluttførast til sommaren – men inneber lite håp om ei snarleg modernisering.
Verre i Årdal
Hydro i Årdal reknar på same måten, men er enno ikkje klare med sine tal. Det er likevel ingen grunn til å tru at det vil ryke færre arbeidsplassar der – snarare tvert i mot – for det er nesten dobbelt så mange som jobbar i Å3 i Årdal, som i C-hallen i Høyanger.