600 geiter skapar dyrisk kø på travel europaveg

VÅTEDALEN (NRK): Køen på E39 på grensa mellom Sunnfjord og Nordfjord kan vere fleire kilometer lang, men det skuldast ikkje treige bilistar.

Geiter i Våtedalen

HOPETAL: Geitene på sommarbeite i Våtedalen har alt anna enn dårleg tid.

Foto: ALEKSANDER ÅSNES / NRK

Sjå for deg eit hårete og sosialt vesen med skjegg. Gong det med 600 og plassar dei midt på ein sterkt trafikkert europaveg.

Kvar dag går 600 geiter frå fjøsen mot sommarbeite i Våtedalen i bedageleg tempo. Rundt dei passerer det 3000 bilar om dagen.

Det er langt frå noko ukjent bilete i sommartrafikken på Vestlandet, men det byr ofte på ventetid, for i Våtedalen er det geitene som bestemmer tempoet.

– Dette er ein del av sommaren i Noreg. Vi er frå Austlandet, og der er det ikkje geiter i vegen, seier Kate Brattås, som måtte bruke litt lenger tid på bilturen på grunn av geite-kø.

Synet av geitene kan føre til ein god latter for mange bilistar, men det kan også ende i katastrofe.

30 blei drepne

I 2011 blei 30 geiter påkøyrde og drepne av ein buss. Bussen køyrde inn i ein flokk som låg på vegen.

Ofte kan geitene kome brått på rundt ein sving, eller bruke god tid på å flytte seg.

På dagtid kan køen komme opp i fleire kilometer på det verste. Då er det sjåføren som er fremst som må ta ansvar, meiner geitebonde.

– Førstemann må styre og presse litt på. Gje signal om at bilen skal fram, viss ikkje skjønner geitene at dei har vunne kampen, seier Vidar Sandal.

Geit i Våtedalen

MÆÆÆÆ: 600 geiter er på sommarbeite i Våtedalen.

Foto: ALEKSANDER ÅSNES / NRK

Gir brød

– Det er veldig koseleg, men litt rart når du kjem frå Oslo, seier Victoria Vestlund.

Vidar Sandal

GEITEBONDE: Vidar Sandal eig nokre av geitene i Våtedalen, og forstår godt at nokre bilistar kan bli irriterte når det vert lang kø.

Foto: ALEKSANDER ÅSNES / NRK

Dei langt frå sjenerte geitene er ynda fotoobjekt for turistar, og dei har kanskje lært seg at det ofte ventar ein godbit før eller etter modelljobben. Geitebonde Vidar Sandal finn både brødrestar og anna bakverk i vegkanten.

– Vi finn heile brød som er oppsmuldra, så dei blir mata av mange ved vegen. Vi ynskjer det ikkje, men slik er det berre, seier han.

Geitebonden er glad for at folk tek geitevandringa med godt humør, men har forståing for at nokre kan bli irriterte. Geitene gjer i det minste ikkje forskjell på folk, for bonden måtte sjølv stå i kø denne sommaren.

– Vi brukte 15 minutt ekstra for å komme oss til Førde for ein legetime, så då fekk eg kjenne det på pulsen, seier Sandal.

KØ: Kvar dag går 600 geiter frå fjøsen mot sommarbeite i Våtedalen i bedageleg tempo.