60 i karantene i Sunnfjord

Sunnfjord kommune har fått tre nye koronatilfelle, to i Naustdal og eitt i Førde. Dei tre tilfella er ikkje kopla til kvarandre. I alt er 60 personar i karantene. Ei avdeling i barnehagen Hatlehaugen er inntil vidare stengt. Her er ikkje smitte, men ein nærkontakt gjer at avdelinga blir stengt. Den eine som har testa positivt arbeider som fastlege på Skei. Den andre arbeider som fysioterapeut i Førde. – Vi har her fått god oversikt over moglege nærkontaktar hos kollegaer og pasientar, og desse er alle kontakta og sette i karantene, opplyser smittevernlege Øystein Furnes i Sunnfjord. Alle dei tre tilfella er knytte til feiringar i jul- og nyttårshelg. – Sjølv om ingen har vore uforsiktige har dei blitt smitta. Vi må anta at det er ukjent smitte, og eg vil tru vi får meir smitte i etterkant av nyttår, seier Furnes.