Hopp til innhold

60 dagar fengsel for manglande rekneskap

Som sjølvstendig næringsdrivande let mannen vere å føre rekneskap, og heldt også fram med å drive næringsverksemd sjølv om han var frådømt retten til dette.

Forholda mannen no er dømd for skriv seg attende til 2013. I ein toårs periode fram til selskapet hans gjekk konkurs i 2015 let mannen vere å føre elle sørge for å føre rekneskap for enkeltmannsføretaket.

Mannen vart i 2013 frådømt retten til å drive næringsverksemd i tre år. retten meiner det bevist at han likevel held fram med å drive næringsverksemd gjennom enkeltmannsføretaket sitt frå han vart døm i oktober 2013 og til han byrja å jobbe i eit anna byggefirma i september 2014.

Retten finn det og bevist, og mannen har vedgått, at han i 2015 etter å ha slutta i byggefirmaet der han hadde jobbe i eitt års tid, igjen tok på seg oppdrag som sjølvstendig næringsdrivande.

Mannen har sjølv forklart at han ikkje sjekka nøye nok kor lenge næringsforbodet varte. Retten meiner dette er eit bevisst og forsettleg brot på forbodet frå mannen si side.

I straffeskjerpande lei legg retten vekt på at mannen er straffedømd to gonger tidlegare mot reglane for bokføring som næringsrivande. I Formildande lei syner retten til at mannen har vedgått forholda.

Fjordane tingrett har kome til at mannen får forbod mot å drive næringsverksemd i eitt år. Han blir og dømd til 60 dagar i fengsel på vilkår, som betyr at han slepp å sone straffa i fengsel dersom han ikkje gjer nye lovbrot i prøvetida på to år.