Torsdag la Veterinærinstituttet fram sin årlege rapport som gjer opp status på norsk fiskehelse.
Som tidlegare år, er behandlinga av lakselus den største utfordringa for helsa til oppdrettsfisk i Noreg i 2019.
I fjor døydde totalt 59,3 millionar oppdrettslaks i Noreg. Dette er på nivå med 2016 og ein liten nedgang frå 2018.
Den høge talet skuldast mellom anna ei oppblomstring av giftige algar i Nordland og Troms. Dette aleine tok livet av 8 millionar laks.
Spreiing av ulike virus- og bakteriesjukdommar er ein annan medverkande årsak til at fisken døyr.
STORE VARIASJONAR: Det er store forskjellar i døyelegheita mellom dei ulike regionane i landet, syner rapporten frå Veterinærinstituttet.
Foto: André Bendixen / NRKBransjen i endring
I rapporten kjem det fram at Hordaland har vore eit verstingområde når det gjeld lakselus i fleire år. I 2017 døydde meir enn 25 prosent av oppdrettslaksen i fylket.
Men dei siste to åra har Hordaland hatt størst nedgang i døyelegheita. Totalen viser ein nedgang i Vestland, trass at det i fjor var ei auke i Sogn og Fjordane.
Også i Møre og Romsdal har det vore ein nedgang det siste året.
Tydelege grep frå bransjen er årsaka, meiner Ingunn Sommerset. Ho er fagansvarleg for fiskehelse i Veterinærinstituttet.
– Vårt inntrykk er at fleire oppdrettarar har tatt grep og jobba for å betre velferda.
I 2019 døydde ca. 18 prosent, eller rundt kvar sjette fisk, av oppdrettsfisken i Hordaland.
VIRUS: Smittsamme virussjukdommar er frameleis eit utbreitt problem hjå norsk oppdrettsfisk.
Foto: MarinHelseBetre metodar
Veterinærinstituttet trur trafikklys-systemet, som regulerer produksjonen, har hatt ein positiv effekt.
Ei anna årsak er at dei ikkje-medikamentelle behandlingane mot lus har blitt meir skånsame. Likevel var lusenivået høgare både på våren og hausten i 2019 enn året før, ifølge rapporten.
Fleire av dei mest kjente virussjukdommane, som PD og ILA, held seg relativt stabile.
– Rapporten viser at gamle Hordaland skil seg ut i positiv retning, men dette er ikkje ei solskinshistorie. Framleis er det eit høgt nivå både i Hordaland og nasjonalt, seier Sommerset.
– Må vere medvitne
Sondre Eide er dagleg leiar i familieselskapet Eide Fjordbruk i Eikelandsosen. Bedrifta er blant dei største lokale oppdrettarane på Vestlandet.
IKKJE NØGD: Fagansvarleg Ingunn Sommerset i Veterinærinstituttet seier det framleis er altfor mange fisk som døyr, men at det er mange gode initiativ på gong.
Foto: Ida Yasin Andersen / NRKHan meiner vegen til betre fiskehelse krev at aktørane sjølv er medvitne.
– Det betyr å ha god kvalitet på smolten, godt fôr og gjere førebyggande tiltak mot lus. Det må vere kvalitet i alle ledd, seier Eide.
Positiv trend
Veterinærinstituttet håpar at betre målingar skal gjere tiltaka meir målretta i tida som kjem.
– Tala er framleis for høge, men vi ser moglegheiter til å forsterke ein positiv trend. Vi trur nøkkelen ligg i å registrere og samle inn endå betre data som viser kva fisken døyr av i norske oppdrettsanlegg, seier Sommerset.