58 smitta i Bergen

58 personar har fått påvist covid-19 i Bergen. Det inkluderer testar frå helga som kommunen ikkje har rokke å analysere før no. 36 av dei er nærkontaktar, seks tilfelle er importsmitte og tolv har ukjend smitteveg. Mesteparten er i 20-30-åra. Totalt 1672 personar testa seg i går.