58 sjåførar mista lappen

Utrykkingspolitiet i Vest tok førarkortet frå totalt 58 sjåførar i påsketrafikken i 2016. Mange av dei vart tatt i på E39 i Rogaland, mellom anna ein sjåfør i 20-åra som vart målt til 175 km/t i 80-sona. Påskeheimfarten i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane resulterte i totalt 164 utskrivne bøter for fartsoverskridingar.