Hopp til innhold

54 nye smitta i Bergen – vurderer nye lokale tiltak etter kraftig smittehopp

Smittetrenden i Bergen aukar kraftig og kommunen vurderer nye, lokale tiltak. Samstundes opplever Bømlo kommune eit smitteutbrot med fleire smitta fullvaksinerte. – Me må skjerpa oss alle saman.

Bergen

HØGE SMITTETAL: Ikkje sidan april har det vore registrert fleire smitta på eitt døgn i Bergen

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Sidan onsdag er det registrert 54 nye smitta i Bergen. Det er det høgaste talet på eit døgn sidan midten av april.

Bergen kommune har no løpande dialog med Folkehelseinstituttet for å vurdera om det er behov for meir målretta tiltak.

– Me ser at det er ein god del smitte knytt til serveringsstader no. Det er viktig at gjestar i restaurantar, barar og liknande er ekstra merksame på at dette kan vera ein smittearena og at dei hugsar å følgja smittevernreglane når dei er på besøk der, seier fungerande smittevernoverlege Kjell Haug i ei pressemelding.

Han seier til NRK at talet er for høgt og ber bergensere ta seg saman.

– Me kjem til å diskutere bredt kva som kan vere aktuelle problemstillingar og løysningar, og me vil diskutere uteliv, nivå på skular og smitteverntiltak generelt i samfunnet, seier han til NRK.

Kraftig hopp

38 av de smitta er nærkontaktar, fire er importsmitte, åtte har ukjend smitteveg, to er ikkje klarlagde og to personar har inkonklusiv test.

Også måndag melde Bergen kommune om 54 nye smitta. Den gongen var årsaka til det kraftige hoppet at prøvane stamma frå fredag, laurdag og sundag.

Dagens høge tal stammar berre frå prøvar tekne onsdag.

34 av dei 54 positive prøvane stammar frå personar i 20-åra.

– Dette er ein gruppe som er relativt lite vaksinert. Dei har ei lågare vaksinasjonsgrad enn resten av befolkninga, seier Haug til NRK.

Han seier fleire er smitta med ein dose.

– Mange trur nok dei er meir beskytta enn kva dei eigentleg er. Det er ein illusjon å tro at ein er godt beskytta mot sjølv om det har gått nokre veker, seier han.

Smittevernoverlegen åtvarar no unge mot å gløyma smittevernreglane når dei besøker serveringsstader.

– Særleg viktig er det å forsøka å halda naudsynt avstand til andre gjestar enn dei ein sjølv er saman med, slik at smitterisikoen vert redusert. Me oppmodar også tilsette på utestader om å bruka munnbind når dei er på jobb samstundes som det er mykje smitte i Bergen, seier Haug og legg til:

– Det gir eit viktig signal til gjestene om at ein er oppteken av smittevern.

Kjell Haug, assisterande smittevernoverlege i Bergen kommune

SMITTEVERNOVERLEGE: Kjell Haug er fungerande smittevernoverlege i Bergen kommune.

Foto: Universitetet i Bergen

Større utbrot på Bømlo: – Stort smittepotensiale

Torsdag ettermiddag melde Bømlo kommune om 13 nye påviste tilfelle av koronasmitte.

Smitteutbrotet stammar frå to ulike festsamlingar i helga som var. Første positive prøven kom onsdag.

– Me har kontroll på den eine forsamlinga, og held på med kartlegging av den andre. Me fryktar å stå ovanfor ein variant med stort smittepotensiale då personar som i berre kort tid har vore saman er blitt smitta, seier fungerande smittevernlege Anne Marit Særsten Halvorsen i ei pressemelding.

Smittesporingsteamet har ifølge Særsten Halvorsen bra oversyn så langt, men problemet er det store talet nærkontaktar.

På desse to festlege samkomene var det rundt 30 deltakarar på kvar plass, opplyser ordførar Sammy Olsen til NRK. Dei skal ha testa seg på måndag.

Også fullvaksinerte som deltok og seinare har testa seg i andre kommunar har fått påvist smitte.

Smittevernoverlege Halvorsen ventar at det vil koma fleire smittetilfelle i dei nærmaste dagane.

– Sjølv om ein er vaksinert, så kan ein likevel vera smitteberar og med ferietid og auka reiseaktivitet er det svært viktig å vere varsam og framleis ha ein låg terskel for å testa seg. Pandemien er på langt nær over, understrekar Særsten Halvorsen i pressemeldinga.

Ordfører Sammy Olsen (Sp), Bømlo kommune

ORDFØRAR: Sammy Olsen (Sp) i Bømlo kommune.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Fryktar skulestart: – Me må skjerpa oss

Bømlo kommune oppmodar innbyggjarane å unngå større sosiale samlingar, avgrensa besøk i private heimar til 10 personar, ha få nærkontaktar, halda avstand, og å bruka munnbind der tilstrekkeleg avstand ikkje kan haldast, i alle fall ut denne veka.

Ordførar Sammy Olsen er uroleg over situasjonen.

– Det er svært uheldig. Vi går jo no i mot ei tid der skulane skal starte, og det er midt i fellesferien. Vi har måtta kalla inn folk til å vere med på å vere på smittesporinga. Det verkar som at det viruset er veldig hissig. Dette var ikkje med i berekninga, for å seie det slik, seier han til NRK.

Han seier at eit større smitteutbrot no får store konsekvensar med mange i karantene og isolasjon.

– Dette vil få verknad for både folks ferieavvikling, ferieturar og kanskje og oppstarten etter sommaren. Me må skjerpa oss alle saman no skal me unngå nye restriksjonar, nedstengingar og utsetjingar, lyder oppmodinga frå ordføraren.

– Vurderer de lokale smitteverntiltak?

– No er det først og fremst ei oppmoding, så får vi sjå i løpet av dagen kva neste trekk blir, seier Olsen.