Hopp til innhold

54 bønder har døydd i arbeidsulykker dei ti siste åra

Regjeringa vil ha ein nullvisjon for dødsfall i landbruket. På ein gard i Bygstad må ein familie leve vidare utan Per.

Anne Marie og Per Anders Berge.

LIVET UTAN PER: I 2015 datt Per Berge ned i ein silo på heimgarden og døydde. Anne Marie, Per Anders og resten av familien må leve vidare utan sin kjære Per.

Foto: astrid solheim korsvoll

– Per var nøye med tryggleiken, seier Anne Marie Berge og sonen Per Anders Berge heime på garden i Bygstad i Sunnfjord kommune.

Då familiefaren køyrde traktor i dei bratte bakkane på garden som kviler under det mektige fjellet Storehesten og med luftig utsikt over dalføret, tok han aldri sjansar.

Før siloen skulle jamnast om sommaren, stod silovifta på i god tid for å unngå farlege gassar.

Men 62 år gamal vart Per ein av 54 bønder som miste livet i ei arbeidsulykke i perioden 2012–2021.

Per Berge med barnebarna Thea og Kevin sommaren 2015

Per var stolt far til May Jeanett, Lars Eirik og Per Anders, samt bestefar til Thea og Kevin. (på bildet). Han var også ein kjær mann i bygda. Per var med i den årlege revyen i Bygstad, han køyrde taxi og var også aktiv i politikken.

Foto: privat

Fall åtte meter ned i silo

Det er 13. desember 2015. Per Anders er ute på låven og ryddar saman med faren Per. Dei skal mellom anna flytte på campingvogna. Portane på siloen er opne slik at dei får meir rom til å snu på vogna.

Per Anders står bak vogna og skal drage den til seg. Men plutseleg er det ingen som skubbar, og faren har blitt så stille.

 Per Anders Berge.

Per var alltid forsiktig heime på garden, fortel sonen Per Anders. Han trur bønder flest er nøye med tryggleiken, men at mange har det travelt og må springe fort.

Foto: astrid solheim korsvoll / nrk

19-åringen går fram og kikar ned i den åtte meter høge siloen. Kva som har skjedd, er uklart. Men der nede ligg faren hardt skadd.

Så skjer alt så fort. Per Anders kontaktar naudetatane og mora inne i huset. Han tek seg ned til faren.

Per er vaken og bevisst. Han snakkar med sonen.

Dei trur det kan gå bra.

Han forstod det nok ikkje, og det gjorde ikkje vi heller. At det ikkje kom til å gå bra, seier Anne Marie Berge, kona til Per.

Per døyr denne desemberdagen, kort tid før julehøgtida.

Den farlegaste arbeidsplassen

Det har vore ei rekkje tragiske dødsulykker på norske gardar så langt i år.

I sommar slo Arbeidstilsynet alarm etter ei rekkje dødsulykker.

I tiårsperioden 2012–2021 blei det i tillegg innrapportert 471 arbeidsulykker.

Arbeidstilsynet meiner det reelle talet er høgare.

– Dette gjer bondeyrket til det farlegaste yrket, seier Heidi Blekkan, som er nasjonal koordinator for jordbruk og skogbruk i Arbeidstilsynet.

Halle Arnes er fagkoordinator for HMS (helse, miljø og sikkerhet) i Norsk Landbruksrådgiving.

Vi må stoppe opp og snakke om kor travelt ein bonde har det i 2022 og kor stor risko det utgjer. Det seier Halle Arnes, fagkoordinator HMS i Norsk landbruksrådgiving.

Foto: NLR

Utgiftene til gjødsel, straum og diesel har det siste året gått til himmels.

Det gjer at mange bønder spring fortare enn før og sparar difor inn der dei kan, mellom anna på avløyser.

Det uroar Halle Arnes, fagkoordinator HMS i Norsk landbruksrådgiving.

– Mange bønder skildrar kvardagen som å stå i eit hamsterhjul der dei ikkje har tid til å stoppe opp. Det er ein risiko.

Forskar på Ruralis (tidlegare Norsk senter for bygdeforsking), Brit Logstein, seier tøffare økonomiske tider aukar arbeidspresset på bøndene.

– Då aukar også risikoen for alvorlege ulykker.

Ho meiner døds- og ulykkestala seier sitt, og statistikken syner at ulykkene skjer under høgt arbeidspress der bonden tek snarvegar.

– Det er eit tydeleg teikn på at det ikkje blir jobba tilstrekkeleg med tryggleik i landbruket. Å få ned arbeidspresset i norsk landbruk er eit effektivt grep for å betre tryggleiken.

Anne Marie Berge.

Å leve utan Per blei svært tøft. I tida etter ulykka slo bygda ring rundt familien. – Dei var til fantastisk støtte, seier Anne Marie.

Foto: astrid solheim korsvoll

Må ta fleire pausar

Tal frå Arbeidstilsynet viser at dei fleste dødsulykkene skjer i samband med maskiner og traktor.

Etter ein del ulykker i traktorar er det no påbod om bruk av setebelte i arbeidssituasjonar.

– Er bøndene forsiktige nok?

– Det trur eg. Bonden kjenner garden sin og veit kvar risikoen er, men eg trur nok dei kunne vore endå meir bevisste, seier Logstein.

Landbruks- og matminister Sandra Borch seier dei har ei målsetning om nullvisjon for dødsfall i landbruket.

– Eg er svært opptatt av at det må jobbast kontinuerleg for å minimere ulykkene i jordbruket, seier ho.

Livet utan Per

Heime på garden i Bygstad har livet blitt betre, litt etter litt.

Midt oppi sorga, måtte familien halde garden ved like. Læringskurva var bratt for alle.

Anne Marie og Per Anders trur dei fleste bønder veit nok om tryggleik og tek det på alvor.

– Det handlar nok meir om at mange er overarbeidd. Dei søv for lite, jobbar til langt på natt, og mange har fleire jobbar for å få det til å gå rundt, seier Anne Marie.

Per Anders Berge.

Per Anders fekk ei bratt læringskurve då faren døydde i 2015. Oppi den tunge sorga var det også mykje heime på garden som måtte lærast.

Foto: astrid solheim korsvoll / nrk

Saknet etter Per er der kvar dag. Humoren, latteren, og dei gode samtalene, fortel sonen Per Anders.

Anne Marie saknar å le så ho får vondt i magen.

– Eg saknar alt ved Per, seier ho.