52 nye smitta i Bergen sidan tysdag

Sidan tysdag har 52 nye personar fått påvist koronasmitte i Bergen. Av desse har 27 ukjend smitteveg, 22 nærkontaktar til tidlegare kjende smitta og tre tilfelle er importsmitte. Bergen kommune melder no berre smittetal fredagar og tysdagar.