Hopp til innhold

Fylte Torgalmenningen i protest mot deponi

BERGEN (NRK): Over 500 menneske møtte i dag opp i Bergen for å protestere mot regjeringa sitt ja til sjødeponi i Førdefjorden. – Dei har bomma totalt, seier Siri Vatsø Haugum.

Ungdommen markerte sin motstand mot byggingen av et gruvedeponi i Førdefjorden.

STOR PROTEST: Deponimotstandarane markerte si røyst tydeleg i Bergen i dag.

Vatsø Haugum var ein av fire ungdomar som starta «Ungdomsopprøret», som etter kort tid fekk mange hundre underskrifter på protesten mot gruvedrift og sjødeponi i Førdefjorden.

Ifølgje NRK sin reporter på Torgalmenningen i Bergen var det over 500 demonstrantar til stades då appellane starta klokka 12.

– Eg vil fortelje politikarane at dersom ideen deira er å skaffe arbeidsplassar til oss, så har dei bomma totalt. Det dei gjer, er å skremme oss vekk og øydelegge for arbeidsplassane som allereie er etablerte, seier Vatsø Haugum.

Thea Hjelmeland i demonstrasjonstog mot gruvedrift

KJEND MUSIKAR: Thea Hjelmeland frå Førde var ein av dei som markerte seg i den store demonstrasjonen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Det er vi som skal leve med dette

17. april gav sa regjeringa ja til Nordic Mining. Gruveselskapet får løyve til gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal i Sogn og Fjordane. Regjeringa sa samstundes ja til dumping av 250 millionar tonn gruveavfall med kjemikaliar i Førdefjorden i løpet av 50 år

Gruveplanane, og spesielt spørsmålet om sjødeponi for avfallet, er svært omstridde. Tilhengarane jublar for fleire hundre arbeidsplassar, men motstandarane fryktar konsekvensane for livet i fjorden og næringane rundt fjorden.

– Vi skal leve med dette. Det skal føregå fram til eg er 76 år. Det risikerer å øydelegge for sjømatnæringa og reiselivsnæringa som er langsiktige arbeidsplassar, seier Vatsø Haugum.

Gruveprotest

APPELL: Siri Vatsø Haugum var ein av mange appellantar på demonstrasjonen som mange parti og organisasjonar gjekk saman om å arrangere (sjå faktaboks).

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Miljødepartementet har sagt at det er greitt med deponi: Kva er det som gjer at det ikkje er greitt?

– Havforskingsinstituttet seier dette ikkje må skje. Kvifor har vi fag- og forskingsinstansar dersom vi ikkje bryr oss om kva dei seier? Internasjonalt får vi kjempestor merksemd. Land vi ikkje likar å samanlikne oss med når det gjeld miljø, klør seg i hovudet og lurar på kva vi driv med, seier Vatsø Haugum

– I dag seier vi at det ikkje er greitt

Torkel Salvesen Lie, leiar i Hordaland Natur og Ungdom, stadfestar at Natur og Ungdom er villige til å bruke sivil ulydnad i kampen mot sjødeponiet i Førdefjorden, og tidlegare har NRK fortalt at over 1000 personar har sagt seg villige til å lenke seg fast.

Torkel Salvesen Lie

LEIAR I NU: Torkel Salvesen Lie.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– I dag seier vi at det ikkje er greitt. Det er ein nasjonal laksefjord, ein ressursrik fjord, og vi er eit av få land i verda som tillèt dette. Dette handlar om å tenke berekraftig og ikkje tenke profitt, seier Salvesen Lie.

– Gruvedrift sørgar for mange arbeidsplassar: Er ikkje det interessant for ungdomen?

– Jo, men det som er interessant er alle arbeidsplassane som er der no, som vi kjem til å miste. Det kjem til å øydelegge mykje.

Gruveprotest

ALLE ALDRAR: Folk i alle aldrar møtte opp for å understreke at dei er mot sjødeponi i Førdefjorden.

Foto: Jon Bolstad / NRK