Hopp til innhold

50 norske turistar sit innestengte rett ved skytinga i Las Vegas

Eit stort reisefølge frå Sogn sit fast i ein restaurant like ved skytedramaet i Las Vegas.

Innesperra

SIT INNESTENGTe: Reisefølget frå Sogn sit innestengt saman med fleire andre på ein restaurant. Dei har fått både vatn og teppe.

Foto: JOAR HOEL LARSEN / NRK

– Vi er innestengte i restauranten i casinobygget her vi er. Det skal vere tungt væpna spesialpoliti i bygget, men eg veit ikkje så mykje meir, seier Jan Inge Fardal.

Fardal er redaktør i Sogn Avis, og er på tur til Las Vegas saman med selskapet Fotefar temareiser. Reisefølget skal vere eit par hundre meter frå der skytinga starta.

– Vi sat og åt, og hadde nett fått desserten, då det kom ein person skrikande gjennom lokalet her. Like etter såg vi på fjernsynsskjermane her at det var tale om skyting i Las Vegas.

Lers også: To drepne og mange såra i Las Vegas

Innestengte på hotell i Las Vegas

INNESTENGT: Eit reisefølge frå Sogn sit innestengte på ein restaurant like i nærleiken av skytinga i Las Vegas. Dette biletet er frå hotellet der dei sit.

Foto: Joar Hoel Larsen / NRK

Turoperatør: – Alle er trygge

Reisefølget til Fardal er meir enn 50 norske folk som er samla for å reise rundt og lære om amerikansk kultur og historie.

Turen vert kalla ein lesartur, og turfølget er i stor grad lesarar av Sogn Avis. Alle som er med i reisefølget er no samla i restauranten der dei åt middag.

– Det er ei spesiell stemning, for å seie det mildt, seier Fardal.

Medeigar i Fotefar temareiser, Ynge Sunde, fortel at dei har prata med reisefølget på tekstmelding i løpet av føremiddagen.

– Alle i reisefølget er samla, og dei kjenner seg trygge. Det er sjølvsagt ein spesiell situasjon, men vi trur ikkje dei er i fare, seier Sunde.

Etter planen reiser dei heim att til Norge i morgon. Joar Hoel Larsen er til dagleg utanriksmedarbeidar i NRK og er med på turen til Fotefar temareiser.

– Det er ubehageleg stemning her, og i hotellgangen står fleire redde menneske. Nokre av dei har vener og slektningar på utsida. Den siste halvtimen har det flydd rundt to helikopter nær bakken med søkjelys, seier Larsen.